Siem
KRISTIANSAND: Øyvind Sundgot, CMO Metizoft og Jon August Houge, ESG Director Siem Offshore, inngår samarbeid rundt berekraft. Foto: Metizoft
Nytt

Hankar inn nye kontraktar i Kristiansand

Metizoft skal hjelpe både Siem Offshore og Aurora Offshore i satsinga på berekraft.

04.04.2023

Metizoft har signert kontraktar for sitt nye ESG-verktøy med dei to Kristiansand-baserte reiarlaga Siem Offshore og Aurora Offshore.

Det opplyser Herøy-selskapet i ei pressemelding.

ESG er nemninga på dei tre hovedkategoriane for rapportering på berekraft, der E står for Environmental, S for helse, sikkerheit og rettar for tilsette og G står for forretningsetiske forhold som openheit og antikorrupsjon (Governance).

Metizoft opplyser at begge reiarlaga legg stor vekt på berekraft i sine strategiar, og er klare på at dette er eit satsingsområde framover.

Viktig at nokon går føre
Metizoft-direktør Øyvind Sundgot seier at det kjem stadig nye krav for berekraftsrapportering.

- Det er likevel avgjerande at aktørar som Siem og Aurora går føre og viser at den maritime industrien kan ta grep allereie no.

Han viser til at ved hjelp av automatisert innhenting av data frå reiarlaga sine skip og system, kan ein iverksette målretta tiltak der effekten blir målt og registrert.

- Malar for rapportering som møter krava til den maritime industrien er også på plass i løysinga.

Metizoft og Siem Offshore har hatt eit langvarig samarbeid på overvaking av farlege kjemikaliar. No har også Aurora Offshore knytta seg til Metizoft-løysinga.

Publisert: 04.04.2023 14:33

Sist oppdatert: 04.04.2023 14:58

Mer om