Kjempekontrakt for Metizoft
Fekk tiårskontrakt for å overvake 130 skip for Bergens-reiarlaget Wilson.
- Dette var ei fantastisk julegåve for alle oss i Metizoft, som vil skape mykje godt arbeid i åra som kjem.
Det seier salssjef Toni Sandanger i Metizoft i ei pressemelding etter å ha losa i hamn storavtalen.
Med sine 130 skip vert Wilson rekna for å ha den største 'short sea'-flåten i Europa.
Dobbel kontrakt
No har Bergens-reiarlaget og Herøy-selskapet Metizoft inngått avtale både om IHM-vedlikehald og Metizoft sitt overvakingssystem av kjemikalier over ein tiårsperiode.
IHM står for «Inventory of Hazardous Materials» og er ei oversikt over alle skadelege stoff som er på eit skip. Alle fartøy som skal innom hamner i EU/EØS må ha eit oppdatert og gyldig IHM-sertifikat om bord.
- Dette er eit resultat av god dialog over lengre tid, der vi har fått lov til å bygge tillit som til slutt resulterte i denne avtalen, seier Sandanger.
Markedsleiar
Nikolai Berget i Wilson seier seg også fornøgd:
- Tryggleiken til våre tilsette og miljøet er vår førsteprioritet, og vi jobbar systematisk for å sikre ein trygg arbeidsplass.
Metizoft opplyser i pressemeldinga at selskapet var av dei første som kunne tilby IHM-løysingar til verft, reiarlag og leverandørar, og er framleis global markedsleiar.
Nytt på marknaden frå Herøybedriften er ein applikasjon og teneste for enklare rapportering mot ESG-krav som alle bedrifter må forhalde seg til framover.
Publisert: 10.01.2023 18:36
Sist oppdatert: 11.01.2023 00:32