Vedum vurderer verftforslag
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har moglegheit til å bruke ekstra mykje pengar frå oljefondet i neste års statsbudsjett og framleis følgje handlingsregelen. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Nytt

Har 100 milliardar ekstra tilgjengleg

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) kan bruke nærare 100 milliardar kroner ekstra på neste års statsbudsjett utan å bryte handlingsregelen.

27.09.2024

NPK-NTB: Oljefondets anslåtte storleik ved utgangen av 2024 gir retningslinjer for bruk av oljepengar på 2025-budsjettet.

Så langt i år har fondet auka med over 3000 milliardar kroner sidan årsskiftet på grunn av gode tider på børsane i verda, skriv Aftenposten.

Etter 3-prosentregelen gir auken Vedum nærare 90–100 milliardar kroner meir til gode formål neste år. Også i 2024-budsjettet fekk han nesten like mykje ekstrapengar.

Mykje å gå på
Handlingsregelen på 3 prosent er ein regel for å forvalte fondet til glede for framtidige generasjonar, og Vedum har framleis svært mykje å gå på, sjølv om det er usannsynleg at han vel å gjere det.

Etter dei siste anslaga ligg han nemleg an til eit stort underforbruk i år. Sjølv om bruken av oljepengar etter dei siste tala aukar med nesten 50 milliardar kroner i år, betyr det at han bruker berre 2,7 prosent av fondet, skriv avisa.

Med dagens verdi på fondet, vil 3 prosent bety å auke bruken av oljepengar med heile 150 milliardar kroner på neste års statsbudsjett. Det er summen av underforbruket i år og ekstra pengar neste år. Men dette er truleg noko som ikkje kjem til å skje.

Langt opp til handlingsregelen
– Det er så langt opp til handlingsregelen at det blir litt kunstig å forhalde seg til 3 prosent. Økonomien går med normal kapasitet, og så høg pengebruk vil vere mykje meir enn Noregs Bank legg til grunn. Då vil renta bli halden høg lenger enn det no ligg an til, seier sjeføkonom Marius Gonsholt Hov i Handelsbanken.

Vedum legg fram statsbudsjettet måndag 7. oktober.

Publisert: 27.09.2024 07:48

Sist oppdatert: 07.10.2024 07:53

Mer om