Nytt
Har alltid drøymt om å starte eiga bedrift
Ho kjem frå øya Silda, er oppvaksen med fisk, har alltid jobba med fisk - og har no starta eige sjømatselskap.
01.01.2021
- Dette har vore ein draum heilt sidan eg var ung, seier Hildegunn Fure Osmundsvåg.
44-åringen synst ikkje det er noko merkeleg at ho har starta opp sjømatselskapet Star Seafood saman med ein gjeng med vener og tidlegare kollegaer.
I det første heile driftsåret omsette selskapet laks og ørret for nesten 600 millionar kroner.
- Vi har vorte godt mottatt av både kundar og leverandørar.
Dei sju tilsette i Star Seafood har base i Ervik Havfiske sine lokale på ‘øya’ i Måløy, rett under Måløybrua.
Fleire har fartstid frå andre eksportselskap, blant anna gjeld det John Hodnefjell.
- Den beste innkjøparen her til lands, seier Hildegunn, med eit smil.
Fleire av dei tilsette er medeigarar. Det er også dei profilerte Måløy-investorane Skibenes og Carlson, i tillegg til Magne Årvik.
- Vi har fått ein god start og er takknemlege for at dei hadde tru nok på oss til å hjelpe oss i gang, seier gründeren.
Men i perioden 2013 til 2018 var ho Sjømatrådet sin fiskeriutsending i Spania og Den dominikanske republikken.
- Det er nok nokon som stussar over kva desse to landa har til felles, men Spania og Den dominikanske republikken har hatt tette band ettersom Den dominikanske republikken er ein tidlegare koloni, dei snakkar spansk og importerer store kvantum av klippfisk.
- Det var også kjapt å kome seg over dit frå Madrid – berre ni timar.
Her bur enno faren Hans og mora Margun, han 82, ho 80. Han kjem frå Indre Fure på Stadlandet, og dei to møttest på kaia på Silda.
Faren har alltid vore fiskar, og har liste over alle fiskebåtar han har jobba på inngravert på sin faste skipssekk, og han er framleis ein ivrig sjarkfiskar.
- Han er ute så ofte vêret tillet det. Han får alltid fisk, og mor mi lagar verdas beste fiskerettar.
Under oppveksten jobba Hildegunn på fiskemottaket på Raudeberg i dei fleste feriar og helgar.
- Ja, det var det vi var vande med. Eg salta, salta og salta til eg fekk senebetennelse, seier ho, og ler godt.
Heile familien er involverte i fiskeri, også søstre og brødre.
Ho tok seg også eit intensivkurs i spansk, noko som seinare opna dørene til å verte norges fiskeriutsending i Spania, ein av dei viktigaste marknadene for norsk sjømat.
Medan Hildegunn leia kontoret i Madrid, auka den samla norske fiskeeksporten til Spania med 52 prosent i volum og heile 131 prosent i verdi.
- Ja, det gjekk bra, og det var utruleg kjekt å få lov til å marknadsføre norsk sjømat, nettopp det eg brenn så sterkt for.
- Spanjolane set pris på at Norge produserer berekraftig og har fokus på mattryggheit, at vi er eit demokratisk land og ikkje minst at vi har eit styresett som ivaretar folket sine interesser.
- Vi kunne derimot bli flinkare til å fokusere på marknad, vi er til dels svært produksjonsorienterte i Norge.
Den norske laksen dominerer, men spanjolane har også fått opp augene for andre norske produkt.
Spesielt vart det fart i eksporten av norsk skrei til Spania etter fleire års jobbing blant kokkar og i supermarknader for å gjere produktet kjent.
- I 2012 byrja ein med TV-kampanjar for skrei, slik at ein nådde ut til fleire husstandar, og ein kan sjå kor importen av skrei til Spania verkeleg tok seg opp etter dette.
- Vi har kome mykje lenger enn før, men framleis held dei fleste på med sal, og ikkje marknasdsføring.
- Ei bedrift som vår, ei lita bedrift, har ikkje kapasitet eller mulegheit til å drive med marknadsføring til B2C og det er derfor svært viktig at alle aktørane sluttar opp om arbeidet som Sjømatrådet gjer, sidan dei jobbar mot konsumenten for å marknadføre norsk sjømat.
Men etter fem år i Spania flytta familien på fem tilbake til Måløy. Mannen Kjetil jobbar i offshore, og kjem også frå Måløy.
- Vi hadde det svært bra i Spania, og fekk mange gode vener, men vi var klare for å flytte heim og sjå etter nye mulegheiter, og då var det naturleg å satse i Måløy.
- Eg vil vere med på å byggje lokalsamfunn. Det er viktig at det bur og trivst folk ute på kysten.
Ho meiner at nordmenn flest bør verte flinkare til å vere takknemlege som bur i eit slikt rikt og godt land, der innbyggjarane har stor tiltru til demokratiet og der ein føler seg ivaretatt.
- Ein skal ikkje langt ut i Europa før ein opplever at vilkåra er mykje vanskelegare enn for oss nordmenn. Det er dei færraste som har det like godt som oss.
- Ja, først skal vi innarbeide oss, men vi har planar om at vi etter kvar skal selje både meir videreforedla laks og ørret, og andre artar som kvitfisk og pelagisk fisk.
- Vi ønskjer å verte ein anerkjend aktør, som er kjend for kvalitetsprodukt frå berekraftig fiskeri og oppdrett der samhandlinga flyt lett mellom marknad og produksjonsledd.
- Dette vert garantert spennande framover, fastslår Hildegunn Fure Osmundsvåg.
44-åringen synst ikkje det er noko merkeleg at ho har starta opp sjømatselskapet Star Seafood saman med ein gjeng med vener og tidlegare kollegaer.
I det første heile driftsåret omsette selskapet laks og ørret for nesten 600 millionar kroner.
- Vi har vorte godt mottatt av både kundar og leverandørar.
Dette er ein artikkel frå NETT NO-magasinet 2020 () som ein smakebit for ikkje-abonnentar. Del den gjerne med dei du trur har glede og nytte av å lese oss.
Dei sju tilsette i Star Seafood har base i Ervik Havfiske sine lokale på ‘øya’ i Måløy, rett under Måløybrua.
Fleire har fartstid frå andre eksportselskap, blant anna gjeld det John Hodnefjell.
- Den beste innkjøparen her til lands, seier Hildegunn, med eit smil.
Har hatt god start
På plass er også Øyvind Holvik, Thomas Steenslid, Katrine Myklebust og Arne Barmen, alle godt rutinerte sjømataktørar.Fleire av dei tilsette er medeigarar. Det er også dei profilerte Måløy-investorane Skibenes og Carlson, i tillegg til Magne Årvik.
- Vi har fått ein god start og er takknemlege for at dei hadde tru nok på oss til å hjelpe oss i gang, seier gründeren.
Spania og Den dominikanske republikken
Hildegunn har også vore innom Coast-systemet i Måløy, og før det jobba i Westfish Norwegian Salmon i Ålesund.Men i perioden 2013 til 2018 var ho Sjømatrådet sin fiskeriutsending i Spania og Den dominikanske republikken.
- Det er nok nokon som stussar over kva desse to landa har til felles, men Spania og Den dominikanske republikken har hatt tette band ettersom Den dominikanske republikken er ein tidlegare koloni, dei snakkar spansk og importerer store kvantum av klippfisk.
- Det var også kjapt å kome seg over dit frå Madrid – berre ni timar.
Fiskarblod
Men interessa for fisk starta for sjømatentusiasten på den vesle øya Silda med Stadhavet som næraste nabo, eit fiskevêr kjend for sine mange linebåtar.Her bur enno faren Hans og mora Margun, han 82, ho 80. Han kjem frå Indre Fure på Stadlandet, og dei to møttest på kaia på Silda.
Faren har alltid vore fiskar, og har liste over alle fiskebåtar han har jobba på inngravert på sin faste skipssekk, og han er framleis ein ivrig sjarkfiskar.
- Han er ute så ofte vêret tillet det. Han får alltid fisk, og mor mi lagar verdas beste fiskerettar.
Under oppveksten jobba Hildegunn på fiskemottaket på Raudeberg i dei fleste feriar og helgar.
- Ja, det var det vi var vande med. Eg salta, salta og salta til eg fekk senebetennelse, seier ho, og ler godt.
Heile familien er involverte i fiskeri, også søstre og brødre.
God spansk vekst
Det var dermed heilt naturleg at Hildegunn starta på eksportmarknadsføring på Høgskulen i Ålesund, med mål om å få seg ein jobb innanfor fiskerinæringa.Ho tok seg også eit intensivkurs i spansk, noko som seinare opna dørene til å verte norges fiskeriutsending i Spania, ein av dei viktigaste marknadene for norsk sjømat.
Medan Hildegunn leia kontoret i Madrid, auka den samla norske fiskeeksporten til Spania med 52 prosent i volum og heile 131 prosent i verdi.
- Ja, det gjekk bra, og det var utruleg kjekt å få lov til å marknadsføre norsk sjømat, nettopp det eg brenn så sterkt for.
Norsk fisk sel godt
Ho seier at norsk fisk vert høgt verdsett i Spania, men ikkje berre på grunn av kvaliteten, men også det at han er norsk.- Spanjolane set pris på at Norge produserer berekraftig og har fokus på mattryggheit, at vi er eit demokratisk land og ikkje minst at vi har eit styresett som ivaretar folket sine interesser.
- Vi kunne derimot bli flinkare til å fokusere på marknad, vi er til dels svært produksjonsorienterte i Norge.
Den norske laksen dominerer, men spanjolane har også fått opp augene for andre norske produkt.
Spesielt vart det fart i eksporten av norsk skrei til Spania etter fleire års jobbing blant kokkar og i supermarknader for å gjere produktet kjent.
- I 2012 byrja ein med TV-kampanjar for skrei, slik at ein nådde ut til fleire husstandar, og ein kan sjå kor importen av skrei til Spania verkeleg tok seg opp etter dette.
- Viktig å støtte Sjømatrådet
Ho seier likevel at generelt er vi ikkje flinke nok til å marknadsføre norsk sjømat.- Vi har kome mykje lenger enn før, men framleis held dei fleste på med sal, og ikkje marknasdsføring.
- Ei bedrift som vår, ei lita bedrift, har ikkje kapasitet eller mulegheit til å drive med marknadsføring til B2C og det er derfor svært viktig at alle aktørane sluttar opp om arbeidet som Sjømatrådet gjer, sidan dei jobbar mot konsumenten for å marknadføre norsk sjømat.
Men etter fem år i Spania flytta familien på fem tilbake til Måløy. Mannen Kjetil jobbar i offshore, og kjem også frå Måløy.
- Vi hadde det svært bra i Spania, og fekk mange gode vener, men vi var klare for å flytte heim og sjå etter nye mulegheiter, og då var det naturleg å satse i Måløy.
Vil byggje lokalsamfunn
Ho har også tatt på seg å vere styreleiar for Måløy Vekst.- Eg vil vere med på å byggje lokalsamfunn. Det er viktig at det bur og trivst folk ute på kysten.
Ho meiner at nordmenn flest bør verte flinkare til å vere takknemlege som bur i eit slikt rikt og godt land, der innbyggjarane har stor tiltru til demokratiet og der ein føler seg ivaretatt.
- Ein skal ikkje langt ut i Europa før ein opplever at vilkåra er mykje vanskelegare enn for oss nordmenn. Det er dei færraste som har det like godt som oss.
Skal vekse
Star Seafood har ambisiøse vekstplanar.- Ja, først skal vi innarbeide oss, men vi har planar om at vi etter kvar skal selje både meir videreforedla laks og ørret, og andre artar som kvitfisk og pelagisk fisk.
- Vi ønskjer å verte ein anerkjend aktør, som er kjend for kvalitetsprodukt frå berekraftig fiskeri og oppdrett der samhandlinga flyt lett mellom marknad og produksjonsledd.
- Dette vert garantert spennande framover, fastslår Hildegunn Fure Osmundsvåg.
Fleire artiklar frå NETT NO-magasinet:
Eg vil vere med på å byggje lokalsamfunn. Det er viktig at det bur og trivst folk ute på kysten
Publisert: 01.01.2021 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04