IMG 20220203 144615
NYBYGG: Dagens Herøyhav ved kai i Skagen. Foto: Herøyhav
Nytt

Har bestilt ny båt i Danmark

Herøyhav skal byggje kombinert snurpar/trålar i Danmark.

03.02.2022

Karstensens Skibsværft i Skagen skal byggje ein 75 meter lang snurpar/trålar til Herøyhav-reiarlaget.

Det var same verft som bygde dagens Herøyhav, som er 69,99 meter lang. Denne båten vart overlevert i desember 2013.

Herøyhav Holding er eigd av Ronald Ervik med 51,0 prosent, Gunn Helen Hansen-Ervik med 37,0 prosent og Espen Ervik med 11,9 prosent.

Selskapet er Herøy- registrert, med adresse Bølandet.

I 2020 omsette selskapet for 76,3 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 13,3 millionar.

Bilde 2022 02 03 090307
KARSTENSENS: Endå ein norsk fiskebåt frå Karstensens Skibsværft i Skagen, denne gangen ny Herøyhav. Skisse. Karstensens

Ferdig i november 2024
Ifølgje ei skisse frå Karstensens Skibsværft på Facebook kjem skroget til Skagen i april 2024, og båten skal vere ferdig utrusta og klar for overlevering i november 2024.

Det vert også opplyst at Wärtsila skal levere hovedmotor, og Brunvoll skal levere thrusterar.

Karstensens har siste åra bygt ei rekke norske fiskefartøy.

Polarbris og Gollenes
Kontrakten med Herøyhav-reiarlaget er det første i år, men 23. desember i fjor annonserte selskapet at ein skal byggje eit 43,5 meter langt snurrevadfartøy til Kjell Gunnar Hoddevik og partnerane Johnny Årvik og Jan-Ove Langeland i Ålesund-selskapet Polarbris.

Same dag annonserte Karstensens også kontrakt på ein 88 meter lang snurpar/trålar til reiarlaget Krossbrekka på Færøyane.

I odreboka er blant anna også ein 69,99 meter lang pelagisk trålar til Herøy-reiarlaget Gollenes. Denne båten skal leverast i mars 2023.

Publisert: 03.02.2022 08:51

Sist oppdatert: 03.02.2022 15:41

Mer om