Polarbris illustrasjon Karstensens Skibsværft 11
Illustrasjon: Karstensens Skibsværft
Nytt

Brunvoll-leveranse til Polarbris

Gir arbeid både i Molde og i Volda.

Marius Rosbach
20.01.2022

Brunvoll skal levere gir og propellar til ein ny snurrevadbåt for Polarbris i Ålesund, ifølgje ei pressemelding.

Fiskebåten er designa og skal byggjast ved Karstensens Skibsværft i Danmark.

Per Olav Løkseth som leiar salsavdelinga til Brunvoll fortel til NETT NO at oppdraget vil gi arbeid til tilsette både i Molde og Volda.

Brunvoll opplyser ikkje verdien på kontrakta.

Gode erfaringar frå Atlantic
Den 43,5 meter fiskebåten skal leverast i 2023 frå verftet. Reiarlaget har valt eit propellsystem frå Brunvoll med stor diameter og nedsenkbar azimuth kombithruster.

– Det er kanskje ikke så vanleg å ha ein nedsenkbar asimuth-thruster i ein snurrevadbåt, men med vår gode erfaring frå linebåten Atlantic, så var det viktig for oss å ha denne funksjonen også i Polarbris, utaler administrerande Kjell-Gunnar Hoddevik i Polarbris i meldinga.

Reiarlaget fekk levert nybygget Atlantic i 2020, som blei sett i fiske same år.

Har spart tid og ressursar
Nye Polarbris er ei litt større utgåve av eit fartøy Karstensen Skibsværft allereie var i gang med for eit anna reiarlag nordpå.

Ved å gjere det på denne måten sparer dei tid og ressursar samanlikna med å planlegge ein nytt fartøy heilt frå start, har dagleg leiar og medeigar Kjell-Gunnar Hoddevik sagt til NETT NO om nybygget tidlegare.

Reiarlaget Polarbris og reiarlaget Atlantic Longline, som eig line- og snurrevadfartøyer Atlantic, er søsterselskap i Atlantic Seafish-konsernet i Ålesund.

Publisert: 20.01.2022 10:05

Sist oppdatert: 20.01.2022 11:16

Mer om