Statt Torsk Gustave Brun Lie foto Statt Torsk
AVTALE: Dagleg leiar Gustave Brun-Lie og Statt Torsk har inngått salsavtale for 30 prosent av oppdrettstorsken til selskapet. Foto: Statt Torsk
Nytt

Har fått seld 1600 tonn av torsken

Statt Torsk har fått seld 30 prosent av oppdrettstorsken. Og prisen er høgare enn i fjor.

22.07.2022

Torskeoppdrettaren Statt Torsk, som driv oppdrett i Vanylvsfjorden, melder fredag at ein torsdag inngjekk avtale om eit eittårig sal av totalt 1.600 tonn oppdrettstorsk.

Avtalen går over 12 månader, og startar i september.

Dagleg leiar Gustave Brun-Lie opplyser ikkje kven kunden er, men at det er ein kunde som kjenner selskapet godt.

- Det er bra for både selskapet og vår nye næring å fåstadfesting på kvaliteten på oppdrettstorsk, spesielt med ein kunde som er kjent for å setje store krav til både fiskeprodukt og kvaliteten til sine leverandørar, seier han.

43,75 kroner
Med ein samla oppgitt avtaleverdi på 70 millionar kroner, utgjer kiloprisen for oppdrettstorsken 43,75 kroner.

Brun-Lie seier at ein aldri vert fornøgd med prisen, men at prisen uansett er høgare enn det ein fekk i fjor.

- Tryggheita som følgjer ein avtale med slik kunde er også viktig for selskapet i urolege tider.

- No ser vi resultatet av omlegging av produksjonssyklusar frå 18 til 30 månader, seier Brun-Lie i børsmeldinga.

To leveransar i veka
Selskapet opplyser at avtalen vil innebere to leveransar kvar veke, og vil omfatte rundt 30 prosent av selskapet sin igangsette og forventa produksjon.

Statt Torsk har nyleg sikra 35 millionar kroner i finansiering for oppbygging av varelager, og for å ha leveransar kvar veke frå september.

Publisert: 22.07.2022 08:46

Sist oppdatert: 22.07.2022 09:31

Mer om