Kjetil Aarseth foto Kjetil Aarseth
KAPITAL: Marknadsdirektør og medeigar Kjetil Aarseth i Tikkio har fått fleire kollegaer takka etter to kapitalutvidingar i løpet av 2022. Foto: Kjetil Aarseth.
Nytt

Har henta inn 8,4 millionar

Billettsystem-selskapet Tikkio med friske pengar - og ligg an til rekordinntekter.

01.11.2022

Det er i stor grad eksisterande eigarar som har gått inn med 8,4 millionar kroner i ny kapital i selskapet, ifølgje marknadsdirektør Kjetil Aarseth.

Kapitautvidinga har skjedd i to omgangar, der den siste nyleg vart kunngjort i Brønnøysundregisteret.

Tikkio gjekk i minus i 2020, men snudde til eit lite pluss i fjor.

Fleire folk
Kapitalutvidinga er mellom anna brukt til å finansiere utviding av staben og utviklingsarbeid.

For et selskap som tener pengar på at det blir seld billettar til konsertar, festivaler og andre kulturarrangement vart koronapandemien eit tøft slag.

I 2019, siste år før koronapandemien kom, nådde Tikkio 8,9 millionar kroner i driftsinntekter. I 2020 fall inntektene ned til 3,5 millionar og i fjor var inntektene fem millionar.

I år passerte Tikkio driftsinntektene for heile 2019 allereie i september.

- Tikkio har lagt ned eit stort arbeid i internasjonal lansering og operer no i fleire europeiske land. Vi ser at vi i Noreg ligg langt framme når det kjem til digital betaling og at det gir oss ein stor fordel på den internasjonale marknaden, seier Aarseth

Enklare system
I tillegg til at koronapandemien ikkje lenger legg ein dempar på kultur- og underhaldningsbransjen får Tikkio draghjelp av at selskapet har vidareutvikla systemet sitt.

Det har gjort Tikkio-systemet enklare å ta i bruk, både teknisk og i høve til regel- og avtaleverk, ifølgje Aarseth.

Ifølgje proff.no har Tikkio 10 aksjonærar, med Ante og Lars Berg Giskeødegård sitt selskap ALH og Asbjørn Solevågseide og familie sitt selskap Ajea Invest som dei to største.

Publisert: 01.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 01.11.2022 11:10

Mer om