Tikkio2
SATSAR: Kjetil Aarseth i Tikkio seier selskapet hadde det tøft under covid-pandemien, men no satsar dei sterkare enn nokon gong. Foto: Privat/Screenshot
Nytt

Frå stortap til storsatsing

– Eg er meir optimistisk på Tikkio sine vegner enn nokon gong.

Kjell Arne Steinsvik
11.08.2022

Kjetil Aarseth i billettsystemet Tikkio seier dei har fullt fokus på utvikling og ekspandering etter å ha kome seg gjennom covid-krisa. Allereie no ser dei at publikum er sveltefora på kulturopplevingar.

– Dei siste tre månadane er ikkje langt unna ei dobling av omsetnaden vi hadde på same tid i siste normalår, som var 2019. Sjølv om vi mista nesten heile første kvartalet av 2022, ligg året an til å verte det beste nokon sinne, seier Aarseth.

Kulturlivet var ei av bransjene som vart hardast råka av pademirestriksjonane, noko som syntest att i reknskapen for 2020. Året etter greidde selskapet likevel å nå eit driftsresultat på 464 378 kroner.

Tikkio AS
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 5,00 3,46
Driftsresultat 0,46 -4,46
Resultat før skatt 0,22 -5,23

Sjølvbetjent system

Tikkio sin forretningsidé er å tilby ein plattform for digitalt billettsal, der arrangørane ordnar det meste sjølv via ei nettløysing. Så kjøper kundane billettane frå arrangørane gjennom Tikkio sitt system på PC eller mobiltelefon.

No ser Aarseth framover. Dei har brukt dei to siste åra på å utvikle selskapet og systemet, og posisjonert seg for betre tider.

– Vi har stått på, og ser at vi har fått ein stor tilførsel av nye arrangørar. Dette trass i at mange arrangørar ikkje har kome heilt i gang, og ein del av dei har permittert og mista folk undervegs. Bransjen er på langt nær i full vigør, men vi er optimistiske.

Ein positiv ringverknad av eit samfunn prega av avstandskrav i to år, var at digitale løysingar tok eit stort steg framover. I periodar var det ikkje ein gong mogleg å kjøpe seg eit glas brus utan å bruke både QR-koder og Vipps på mobiltelefonane.

At både gamle og unge kundar har vorte meir komfortable med digital, mobil handel er positivt for billettselskapet, som baserer seg på nettopp dette.

Ser mot utlandet

Tikkio ser i år mot den internasjonale marknaden, med håp om å etablere seg i fleire naboland. Frå før har Tikkio vore representert i Danmark, og i vinter gjennomførte dei systemtestar i Tyskland, England og Irland.

– Vi opplevde at vi greidde å tilføre oss nye arrangørar i dei landa. Vi lærte også at vi må ha ei endå meir smidig betalingsløysing som fungerer på tvers av landegrensene. Det har vi brukt mykje tid og pengar på å få til, så det kan rullast ut i nye marknader, seier Aarseth.

Takka vere nye, internasjonale bankreglement som lempar på krava for handel over landegrensene, ser Tikkio potensiale i å etablere seg i utlandet utan å ha fysiske avdelingar der.

– Vi kan etablere oss i England utan å setje foten der. Tanken er å vekse skalerbart digitalt ved å marknadsføre oss på dei språka og med dei valutaene som gjeld i kvart land.

Dobling i årsverk

Om alt går etter planen, ser Tikkio altså fram mot ein kraftig vekst i åra som kjem.

– Vi har eigarar som har skote inn midlar for å satse. Vi har auka bemanninga frå tre årsverk i siste halvdel av 2019 til nær sju årsverk no. Så er det slik at når ein satsar, går det ut ein del pengar før ein kan rekne det heim. Men vi trur på fortsatt stor vekst framover, seier Aarseth.

Publisert: 11.08.2022 11:31

Sist oppdatert: 11.08.2022 11:11

Mer om