Har interessentar til verdiane i Mc Deler
SLUTT: Mc-Deler dreiv mellom anna sal av motorsyklar, klede og anna utstyr via postordre - ein bransje som har fått tøff konkurranse frå internasjonal netthandel dei siste åra. 
Nytt

Har interessentar til verdiane i Mc-Deler

Fleire har meldt si interesse for det omfattande delelageret etter konkursen i Ørsta-firmaet Mc Deler. Dekning for millionkrav er førebels ikkje avklart.

Marius Rosbach
15.01.2020
Konkurssaka for Sørvik Eiendom er ferdig og Sunnmøre tingrett innstilte bubehandlinga førre veke. Eigedomsselskapet er eitt av to selskap som blei råka då postordresalet av delar til motorsyklar gjekk ned – og Mc Deler på Vartdal gjekk konkurs i sommar.
Verdiane i buet bestod i hovudsak av eit lager- og kontorlokale på Vartdal, og eit dele- og varelager. Hovudbygget var pantsett hos Sparebanken Møre til meir enn verdien. Banken hadde også pant i delelageret. Bustyrar vurderte difor at dette var utan verdi for buet, og eigedelane blei difor abandonert - det vil seie at buet ga opp beslaget.

Fleire har meldt seg

Assisterande banksjef Arnstein Misund i banken fortel til NETT NO at fleire interessentar har meldt seg til å kjøpe verdiane.
– Det har teke litt tid å klargjere arbeidet med delelageret, men det vil bli lagt ut for sal innan kort tid, seier han.
Misund meiner dei skal vere i mål med arbeidet innan utgangen av mars, og har god tru på at nokon kan gjere seg god nytte av det omfattande lageret på kring 400.000 delar.
– Rett interessent vil nok kunne kjøpe heile delelageret komplett og finne mykje interessant. Mellom anna er det ein del delar til eldre modellar, noko som er i tida med gjenbruk, seier Misund.
Bustyrar Roberto Bjøringsøy fortel til NETT NO at det framleis står at arbeid i buet etter driftsselskapet MC Deler, og at det ikkje er klart når denne jobben er ferdig.
MC Deler hadde 14 tilsette då det gjekk over ende. Eitt av punkta som står att, er å ferdigbehandlinga alle lønnskrava.

Uavklart om dekning

Advokaten påpeikar at det har vore ei arbeidskrevjande bu med stor pågang frå kreditorar, kundar, interessentar og andre. Målt etter krava som er kome inn, var det ein av dei største konkursane på Nordvestlandet i fjor.
Ifølgje beretningane er det kome inn krav på til saman 15,8 millionar kroner - inkludert sikra krav. Om lag ein tredel skriv seg til eigedomsselskapet.
Advokat Bjøringsøy seier det er for tidleg å seie kva for dekning usikra kreditorar får.

Har vore i bransjen i 40 år

Familieselskapa starta i det små i 1979 og vaks opp til å verte den leiande postordrebedrifta innan mc-bransjen i Norge. Selskapet fekk også Sparebank1 Volda Ørsta sin næringslivspris i 1996.
Det blei opna konkurs i begge selskapa etter at leiinga melde oppbod i fjor sommar. Morselskapet Sørvik Eiendom leigde ut lokalane til dotterselskapet MC-Deler.
Den direkte foranledninga til konkursane var at Sparebanken Møre sa opp engasjementet med selskapa i juli 2019.

Valutatap og it-trøbbel

Men det var fleire årsaker til at bedrifta hamna i ein vanskeleg situasjon. Svekking av den norske krona blir oppgitt som ei av hovudårsakene.
Firmaet fekk også utfordringar i samband med oppgradering av datasystemet for varelageret, som gjekk utover drifta. Selskapet blei også møtte motgang ved at Google endra søkeinnstillingane sine, slik at dei fekk færre treff på nettsidene sine.
På toppen kom sjukemeldingar hos sentrale nøkkelpersonar, som det var vanskeleg å erstatte.
– Dette medførte stor arbeidsbelastning på både leiing og tilsette. Alt dette medverka til sviktande omsetning, heiter det i den eine beretninga som ligg føre so langt.
Når det gjeld eigedomsselskapet har bustyraren ikkje kome over straffbare forhold eller andre høve, som han meiner gjer det naudsynt å be om konkurskarantene. Det selskapet er no sletta.

Publisert: 15.01.2020 12:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50