Har kjøpt verftseigedomen
Green Yard eig no verftseigedomane både i Ulstein og Kvinesdal.
I ei pressemelding opplyser Green Yard at selskapet har kjøpt eigedomen til verftet i Kvinesdal. Kjøpet er gjort frå selskapet Kvina Verft, Feda.
Eigedomen er på rundt 75 mål og inkluderer blant anna djupvasskaier, skipsverft, kraner og beddingar.
Green Yard opplyser i pressemeldinga at på området er alt som trengst for miljøvenleg resirkulering av skip, i tillegg til å handtere riggar i opplag.
Milepæl
Det blir vist til at verftseigedomen har djupe røter i lokalsamfunnet med ei historie som strekker seg fleire tiår tilbake i tid.
Kjøpet vert sett på som ein milepæl som vil gi selskapet betre mulegheiter til å utvikle seg framover.
- Med full kontroll over 'vårt eige hus' har vi ein sterkare base for å utvikle konsernet vidare, seier konsernsjef Hans Jørgen Fedog i pressemeldinga.
Selskapet viser også til at Green Yard nyleg fekk kontrakten på resirkulering av sju offshorefartøy, der tre skal resirkulerast på verftet i Feda og fire på Green Yard Kleven.
Publisert: 08.12.2021 14:08
Sist oppdatert: 08.12.2021 15:30