Kleven resirkulering juni foto marius 11
RESIRKULERING: Ei eldre bilferje vart første fartøy som blei resirkulert ved Kleven-verftet. Det første større fartøyet blir eit offshoreskip frå DOF. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fekk kjempeavtale med Solstad

Green Yard Kleven og Green Yard Feda skal resirkulere sju offshoreskip for Solstad Offshore.

05.10.2021

Solstad Offshore opplyser i ei børsmelding tysdag at selskapet har seld sju offshoreskip for resirkulering. Dette er skipa Sea Tiger, Normand Atlantic, Normand Borg, Normand Neptun, Sea Pollock, Far Strider and Far Sovereign.

Alle skipa er tidlegare definerte av Solstad som ikkje-strategiske skip ettersom dei er eldre og lite attraktive i dagens og den framtidige marknaden.

Samtlege sju skip skal resirkulerast ved dei to verfta.

Skipa skal kome til verfta i løpet av kort tid.

(saka held fram under)

Bollestad og Fedog Kleven
KLEVEN: Verftsdirektør Kjetil Bollestad ved Green Yard Kleven og konsernsjef Hans Jørgen Fedog ved Green Yard Group. Førstnemnte er no på veg ut. Foto: Kjetil Haanes

- Historisk
Berekraftsdirektør Tor Inge Dale i Solstad Offshore seier i børsmeldinga at dei sju skipa har lege i opplag i lengre tid, og at det er bra at selskapet no kan starte prosessen med å resirkulere ei rekke eldre skip.

- Dette vil gjere oss i stand til å auke fokuset på oppgraderingar og utsleppsreduksjonar av den moderne delen av flåten.

Konsernsjef Hans Jørgen Fedog ved Green Yard seier at dette er ei historisk hending når det gjeld miljøvenleg resirkulering av skip i Norge.

Han viser til at kontraktane sikrar jobbar ved dei to resirkuleringsverfta ut neste år.

Publisert: 05.10.2021 09:31

Sist oppdatert: 05.10.2021 11:21

Mer om