Kleven maud hurtigruten juni 2021 foto marius 11 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
KLEVEN: Green Yard Kleven har fått fleire oppdrag med sin tidlegare eigar Hurtigruten. Her hurtigruteskipet MS Maud ved kai ved Kleven saman med MS Otto Sverdrup (tidlegare Finnmarken). Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kleven størst i Green Yard-familien

Green Yard gjekk litt i minus på Kleven, seks millionar i pluss i Kvinesdal, men Kleven-verftet er allereie størst.

23.06.2021

Den nye Kleven-eigaren Green Yard Kleven har levert sitt første årsrekneskap for selskapet som vart etablert i slutten av juli i fjor.

Rekneskapet omfattar dermed berre seks månader.

Der går det fram at samla inntekter i denne perioden var på 57,7 millionar kroner. Driftsresultatat var på minus 1,7 millionar kroner, og resultatet før skatt på minus 2,1 millionar.

Selskapet hadde ved årsskiftet ein samla eigenkapital på knapt ein million kroner, og null kroner i langsiktig gjeld.

Antal tilsette i denne perioden var i snitt 38,2.

Nye kontraktar
På tampen av fjoråret fekk selskapet ein svært viktig kontrakt, då Herøy-selskapet Rem Offshore skreiv kontrakt med Green Yard Kleven om å byggje om eit delvis ferdig Havyard-bygt offshorefartøy til eit spesialfartøy innanfor havvind.

Skipet skal etter planen leverast i slutten av året.

- Dette er eit viktig prosjekt for den lokale maritime næringa, Det vil gi oppdrag og jobb for mange det neste året. I tillegg til å gje gode ringverknader i ei krevjande tid, er det eit spanande oppdrag for Green Yard Kleven, sa verftsdirektør Kjetil Bollestad, då kontrakten vart inngått.

I tillegg har verftet fått ombyggingsoppdrag for Hurtigruten på skipa Finnmarken og Fram.

Men Green Yard Kleven satsar også stort på resirkulering av skip. Første skip ut er den gamle bilferja Jondal, medan neste vert det 22 år gamle offshoreskipet Skandi Admiral frå DOF.

Verftssatsing
Green Yard Kleven er eigd av Hans Jørgen Fedog saman med partnerar på Sørlandet. Fedog eig sjølv 33,3 prosent av selskapet, medan resten er likt fordelt mellom selskapa FFS Holding og Lundevågen Invest.

Fedog overtok i 2019 tidlegare Flekkefjord Slip i Kvinesdal etter at han allierte seg med lokale aksjonærar rundt Lista og starta Green Yard Group.

Verftet ligg på Angholmen i Fedafjorden, midt mellom Lyngdal og Flekkefjord.

I pluss
Dette verftsselskapet har også levert årsrekneskap. Der går det fram at inntektene var på 43,8 millionar kroner, opp frå 34,6 millionar kroner året før.

Resultatet før skatt enda på 6,0 millionar kroner, mot 3,5 millionar kroner i 2019.

Green Yard hadde i snitt 25 tilsette i 2020, og er dermed eit langt mindre verft enn Green Yard Kleven.

Green Yard
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 43,8 34,6
Driftsresultat 6,6 3,7
Resultat før skatt 6 3,5

Publisert: 23.06.2021 07:37

Sist oppdatert: 23.06.2021 15:24