Acel Anders Vedlog Lars Martin Krohn Dahle Marius Granlien Foto marius
REKORDÅR: Acel er totalleverandør av elektro og automasjon til fleire marknader. Fjoråret vart eit rekordår, fortel administrerande direktør Anders Vedlog (f.v.), HR- og kommunikasjonssjef Lars-Martin Krohn-Dale og kommersiell direktør Marius Granlien. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Har rekordtjukk ordrebok og jaktar fleire tilsette

Acel kan feire 20 år med sitt største overskot nokon gong. No aukar dei kapasiteten.

Marius Rosbach
30.05.2025

Acel hadde fleire ting å feire då dei nyleg tok med alle tilsette med følgje til Geiranger for å markere 20-årsjubileumet sitt. 

Konsernet har lagt bak seg eit fjorår med rekordomsetning, og det største overskotet nokon gong for hovudselskapet. Samtidig er ordreboka «all time high». 

– Ordrereserven er no på 700 millionar, og det har vi aldri vore i nærleiken av tidlegare, fortel administrerande direktør Anders Vedlog til Nett No. 

Det gjer at bedrifta allereie har sikra seg arbeid fleire år fram i tid – samtidig som dei ventar ein solid vekst i omsetninga for neste år. 

Trur på vekst for landbasert oppdrett 
Auka aktivitet i den maritime industrien er berre ei av årsakene til den velfylte ordreboka. 

Konsernet har sikra seg større oppdrag på land, mellom anna med nybygg ved Ålesund sjukehus og lokala til Kongsberg Maritime ved NMK. 

Det største oppdraget er likevel innan landbasert oppdrett med det andre byggetrinnet av Salmon Evolution sitt anlegg på Indre Harøy. 

– Vi har også ein ny betydeleg avtale i dette segmentet som vi ventar å signere i løpet av kort tid. Vi ser på denne marknaden som eit stort vekstområde, seier Vedlog. 

(saka held fram under)

Acel (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt355342,7
Driftsresultat33,2 27,8
Resultat før skatt35,3 26,9 
Acel AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt310,4 294,5
Driftsresultat33,4 23,9
Resultat før skatt34,7 23,6

Får auka kapasitet og betre fasilitetar
Ei omvising i lokala ved innfartsvegen til Ålesund viser at det blir jobba på høggir med å auke kapasiteten. Nærare 1000 av dei 4000 kvadratmetrane er i dag under ombygging. 

I tillegg til ei dobling av kapasiteten for tavleproduksjonen, blir det fleire kontorplassar. Snart får dei også på plass eit kontrollsenter og demonstrasjonsrom der dei tilsette kan «trenast opp» innomhus. 

Acel-sjefen fortel at dei samtidig gjer investeringar i nytt it- og erp-system. 

– Det kostar ein del pengar, men det gjer også at vi riggar bedrifta for framtidig vekst, seier Vedlog. 

Acel eksterior foto Marius
OPPGRADERINGAR: Det blir det gjort oppgraderingar både innvending og utvendig ved Acel-lokala. Målet er å redusere straumbruken, mellom anna ved hjelp av nye fasadeplater med integrerte solceller. foto: Marius Rosbach

På jakt etter betydeleg fleire tilsette
Acel Group har hovudkontor i Ålesund og består i dag av selskapa Acel AS, Haf Power Solutions AS og Acel Baltic UAB – med morselskapet Acel Invest på toppen.

Til saman er dei kring 170 tilsette – og planen er å tilsette betydeleg fleire i løpet av det neste halvåret. Behovet er størst for montørar og arbeidsleiarar. 

Med ein stram arbeidsmarknad og stor kamp om dei flinkaste folka, er rekrutteringa likevel ei utfordring. 

– Det er ein totalkabal som gjer at du må vere fleksibel og tenke alternativt, seier Vedlog.

Med Haf Power Solutions som har kontor i Trondheim, og Acel Baltic i Litauen, har dei til eksempel utvida nedslagsfeltet dei kan rekruttere frå. 

Inntak av lærlingar er éin anna nøkkel for å lukkast. I dag har bedrifta 13 lærlingar og eit mål om å få inn eit par til i år. 

Acel Henrik Storoy Frode Saetre foto Marius
ROSER ARBEIDSMILJØET: Henrik Storøy (t.v.) er i starten av yrkeskarriera og tok denne veka fagbrev som tavlemontør, medan Frode Sætre har vore tilsett i bedrifta i 50 år. Begge rosar arbeidsmiljøet. Foto: Marius Rosbach

– Likar å gi tilbake til lokalsamfunnet
Utfordringa med rekrutteringa gjer at dei har vorte meir bevisst på korleis dei tek vare på dei tilsette. 

– Vi har sett på korleis vi kan bli ein meir attraktiv arbeidsgivar, og prøvar å finne tilbod som folk sett pris på, seier kommersiell direktør Marius Granlien. 

I dag har Acel-medarbeidarane mellom anna tilbod om gratis trening og gode forsikringar. Dei har óg avtaler med Momentium om inngang på ulike arrangement i deira regi, og har fått tilbakemelding om at deira tilsette er mellom dei mest aktive til å bruke desse.

– Vi likar å gi tilbake til lokalsamfunnet og gir betydelege beløp både til Momentium og andre som gir noko kollektivt tilbake til mange, legg Vedlog til. 

Acel tavler foto Marius
EKSPORT: Kring ein firedel av omsetninga kjem frå eksportmarknaden. Her blir det jobba med tavlar som skal om bord på eit skip under ombygging i USA. Foto: Marius Rosbach

Prega av dødsfall
For dei tilsette i Acel har dei siste åra også vorte prega av fleire dødsfall. I fjor døyde grunnleggjaren Eystein Høegh Krohn-Dale, og i 2022 døde styreleiar Kjell-Christian Krohn-Dale i ei kite-ulukke.  

Acel-sjefen påpeiker at sjølv om det har vore vanskeleg, så har det ikkje har vore ei eksistensiell krise for selskapet. Han fortel at kulturen og verdiane dei stod for, lev vidare hos dei tilsette.

– Det er ein samansveisa gjeng som har vore her i mange år, og veit korleis deira del av «butikken» skal drivast. Det har heile tida vore eit fokus på korleis vi kjem vidare, sjølv om det har vore ein kjempetøff situasjon, seier Vedlog. 

Selskapet er framleis eigd av Krohn-Dale-familien. 

Publisert: 30.05.2025 05:00

Sist oppdatert: 30.05.2025 09:38

Mer om