Høgspenning i elektrobransjen
Fleire unge vil lære elektrofag. Det burde vere godt nytt for ei hjørnesteinsbedrift i vekst.
Ved Ørsta vidaregåande skule førebur ei klasse med tolv unge gutar seg på eit nytt skuleår. Etter to år på vidaregåande startar ungdommane på siste året sitt i automatiseringsfaget. I år skal dei jobbe meir i verkstaden enn tidlegare, fortel lærar Per Gunnar Sætre.
Over heile landet har det vore ein auke i talet på unge som søker seg til yrkesfag. På Nordvestlandet er elektrofaga mellom dei retningane som har størst auke i søkartala til dei vidaregåande skulane.
- Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
- Les heile magasinet her
299 ungdommar hadde elektroutdanning som førsteval i søknader til vidaregåande skular i Møre og Romsdal til skuleåret 2022/2023. Til skuleåret 2024/2025 var søkartalet auka til 407.
Fleire søkarar betyr òg at fleire blir utdanna. I Ørsta får framleis dei fleste plass, og det er knapt venteliste for å kome inn.
Utviklinga er godt nytt for ei bedrift som Møre Trafo. Sykkylvsbedrifta er i ein bransje som har opplevd stor vekst i aktiviteten. Sjølv har dei dobla omsetninga på få år.
Fordel å vere i eit industrimiljø
Tor Rieve Kristiansen er andre generasjons eigar og tidlegare sjef i Møre Trafo. Ingeniørfaren Oddvar starta hjørnesteinsbedrifta for over 70 år sidan.
– Vi har ein veldig spesialisert produksjon, og mykje av opplæringa må skje i bedrifta. Om folk har interesse for jobben, kan vi ta folk frå andre bransjar og lære dei opp, fortel han.
Sykkylven kan ikkje seiast å vere spesielt sentralt når det gjeld infrastruktur og enkel logistikk. Likevel har dei ein fordel i at kommunen har lange tradisjonar for å drive industri, meiner han.
Bedrifta kan gjerne tilsette personar frå ulike yrkesfag som automatikarar, tavlemontørar, industrimekanikarar eller folk med erfaring frå kulde- og varmepumpefaget. Dagleg leiar Runar Tandstad fortel at det kan vere vanskeleg å få tak i folk med rett kompetanse.
– Vi har for eksempel hatt utfordringar med å få tak i energimontørar. Samtidig har vi vore litt heldige fordi ein del annan industri, som møbelbedriftene her i kommunen, har hatt nedgang. Når dei har måtta redusere, har vi vore eit alternativ, seier han.
Sjølv om det er betydeleg skilnad på produksjonen av transformatorar og ein Stressless-stol, kan bedriftene ha god nytte av dei same folka.
– Vi lagar elektroprodukt, men veldig mykje av kompetansen vi er ute etter, er mekanisk, og det er mykje likt møbelindustrien. Eg var sjølv overraska over kor stor den overføringsverdien er, seier Møre Trafo-sjefen.
Bransje i medvind
Nett No sine resultatsaker om elektrobransjen dei siste åra har handla mykje om omsetningsauke og rekordresultat.
Elektroentreprenørane Acel i Ålesund, kraftlinjespesialistane Kraftmontasje i Vestnes og Nordfjord-bedrifta Eid Elektro er berre nokre eksempel på bedrifter der pilene har peikt rett opp. I takt med veksten har dei auka bemanninga og stadig tilsett nye folk.
Behovet for meir kraft og straum på ei rekke ulike område i samfunnet er mykje av årsaka til utviklinga.
Det har også gjort Møre Trafo i Sykkylven til Skandinavias største produsent av fordelingstransformatorar. Med elektrifiseringsbølgja er produksjonen deira ei avgjerande teneste for å få til ei omlegging av energisystemet her til lands.
– Vi får ikkje til ei grøn omstilling i Noreg utan transformatorar og nettstasjonar. Alt skal jo elektrifiserast. Då er produksjonen vår eit viktig verktøy for å få det til, seier Tor Rieve Kristiansen.
– Ein tregleik i elektrifiseringa
Trass i at behovet skulle tilseie svært gode veksthøve for både bedrifta og bransjen elles, peiker Møre Trafo-sjefen på fleire forhold som set grenser for utviklinga deira.
– Det er ein tregleik i elektrifiseringa som gjer at vi nøye vurderer kva for kapasitetsauke vi skal legge opp til, seier Tandstad.
– Vi merka det veldig godt på ordreinngangen då renta steig. Då var det mange som skuva på investeringane. Veksten vil truleg kome, men vi ser at det tek lengre tid enn mange har trudd, legg han til.
Frå eigarsida opplever Tor Rieve Kristiansen at politikarane vegrar seg mot å ta avgjerder om utbygging av elektrisk kraftproduksjon. Då blir det ein flaskehals.
– Det er ingen stor «drive» i samfunnet for å ta avgjerder som bidreg til å få til den ønskte utviklinga, seier han.
Kraftkrevjande industri på vent
Samtidig er det behov for å bygge ut meir kapasitet i kraftnettet for å få energien dit han trengst mest. Berre i Møre og Romsdal stod 27 industriprosjekt i 2024 på venteliste på ubestemt tid for å få nok kraft.
Planane om å bygge alt frå store serverparkar til batteri- og hydrogenfabrikkar utgjer òg i utgangspunktet eit stort vekstpotensial for bedrifta.
Ettersom fleire prosjekt – spesielt innan batteriproduksjon – blir lagde på is eller flytta til andre delar av verda, er dei meir usikre.
– Det var ei kundegruppe om vi hadde sett føre oss ville kome for få år sidan. Men datasenter har det blitt ein del av, og det har vore ein marknad med betydeleg utvikling for oss, seier Runar Tandstad.
Behov for annan type kompetanse
Duoen Kristiansen og Tandstad har vore med på eit utvikling der produksjonen har blitt stadig
meir avansert. I dag er det eit langt større behov i bedrifta for folk som kan programmere og halde maskinar ved like.
Samtidig er det somme typar fagfolk som bedrifta har behov for, som knapt blir utdanna meir.
– Statnett har teke kontakt med oss fordi vikling er eit av faga deira. Det er det knapt nokon som gjer lenger, fortel Tandstad.
For ordens skuld: Vikling er eit fag som går ut på å vikle ein elektrisk leidning rundt ein kjerne. Dette stiller store krav til nøyaktigheit. Slik kunnskap svært viktig i sykkylvsbedrifta sin produksjon av trafoar.
Slit med å få lærekontrakt i nærmiljøet
Ein dryg køyretime unna elektrobedrifta i Sykkylven er Ørsta-elevane i gang med skuleåret.
For at elevane skal få omsett skulegangen til ein arbeidskarriere, er dei avhengige av lærlingplass i ei bedrift for å få fagbrev.
– Dei fleste som ville ha lærekontrakt i fjor, fekk det. Men elevane slit med å få seg lærekontrakt her i nærområdet. Det verkar ikkje som at alle bedrifter ser behovet for å ha lærlingar, seier lærar Per Gunnar Sætre.
Dei fleste elevane ønsker læreplass i nærområdet, slik at dei slepp å pendle. Mange må likevel til nabokommunar som Stryn, Hareid og Ulstein for å finne ei bedrift som har bruk for dei.
Vebjørn Haugen frå Vanylven og Fredric Lianes frå Ørsta er mellom elevane som har søkt seg til utdanninga. I løpet av førsteåret har dei vore i utplassering hos bedrifter som Hareid Group, Larsnes Mek. Verksted og industribedrifta Vendanor i Stryn.
Dei likar at faget er praktisk og utan lekser, og at dei lærer noko nytt kvar dag. Fredric håpar å få eit arbeid der han kan jobbe praktisk og sjølvstendig.
– For min del ønsker eg å jobbe i turnusordning, der eg har skikkeleg fri når eg har fri. Og gjerne ein kjekk og god jobb der eg gjer noko eg har lyst til å gjere, seier Vebjørn.
Vil ha tydelege forventingar til dei unge
Per Gunnar Sætre har vore lærar i elektrofaget sidan 1980-åra. Han meiner bedriftene godt kan vere meir tydelege på kva dei ønsker seg av skulen og lærlingane.
I møte med dei unge fortel bedriftene gjerne at det er viktig at dei møter opp om morgonen, og at dei må vere til å stole på. Men når elevane har vore gjennom det Sætre påpeiker er ein svært ambisiøs læreplan, meiner han det er lov å vente seg meir.
– Eg føler nokre gonger at vi som skule står litt med hua i handa. Så håpar vi at bedriftene vil ta vare på elevane våre. Men dette er jo kompetanse som bedriftene har behov for, og eg trur det ville ha vore bra med ei meir tydeleg avklaring av forventingane, fortel læraren.
Det meiner han ville vere positivt for elevane, samtidig som skulen i større grad kunne ha tilpassa undervisninga etter behova til det lokale næringslivet.
Kan vere utfordrande med lærlingar
Eigaren og sjefen ved Møre Trafo forstår hjartesukket frå elektrolæraren kring situasjonen for lærlingane. Samtidig fortel dei at det kan vere utfordrande å få til gode opplegg i ein hektisk arbeidskvardag.
– Det er ikkje alltid så enkelt å få til. For eksempel er det eit ganske breitt fagområde elevane skal gjennom. Fordi vi er veldig spesialiserte, kan det vere krevjande for ei produksjonsbedrift som oss, påpeiker Runar Tandstad.
– Det er ein del arbeid med lærlingar. Dei kan ikkje berre settast i arbeid, men må få skikkeleg opplæring. Det krev at bedrifta har personar som kan følgje dei opp, seier Tor Rieve Kristiansen.
Møre Trafo arbeider likevel aktivt for å rekruttere lærlingar og er godkjend lærebedrift for sju ulike fagområde. Per i dag har dei fem lærlingar på ulike felt.
For å få tak i lærlingar samarbeider sykkylvsbedrifta med den lokale vidaregåande skulen og ein skule i Ålesund.
– Ein stor fordel med lærlingar frå lokalmiljøet er at dei gjerne blir fast tilsette etter at dei har teke fagbrev. Og det er jo noko av hensikta, legg Tor Rieve Kristiansen til.
For å få tak i folk med meir avansert kompetanse tek dei kvart år imot besøk frå fagskulen i Møre og Romsdal. Dei besøker også NTNU i Trondheim for å presentere bedrifta for aktuelle kandidatar.
– Vi prøver å rekruttere mest lokalt, fordi dei med lokal tilhøyrsle gjerne blir lenger i bedrifta. Men i praksis rekrutterer vi over heile landet, fortel Møre Trafo-sjefen.
- Jul- og nyttårsdagane legg redaksjonen ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i årets NETT NO-magasin. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
- Les heile magasinet her
Publisert: 29.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 27.12.2024 12:57