Vendanor spyleveskeautomat foto Vendanor
NYTT BEIN Å STÅ PÅ: Vendarnor lanserer automat for fylling av spylevæske, som gir selskapet eit nytt bein å stå på i tillegg til gassbehaldarautomaten. Frå venstre programvareingeniør Vidar Heltne, dagleg leiar Harold Wieldraaijer, teknologisjef Ralf Bjarne Taraldset og maskiningeniør Ard Mikal Kleppe. Foto: Vendanor
Nytt

Har satsa 10 millionar på spylevæskeautomat

Teknologien bak den nye spylevæskeautomaten til Vendanor i Stryn skal brukast til automatar for fleire varer.

04.02.2022

Frå ideen oppstod om å lage ein automat for fylling av spylevæske til automaten no blir lansert i marknaden har Vendanor i Stryn investert over 10 millionar kroner.

I løpet av få veker håpar Vendanor-sjef og medeigar Harold Wieldraaijer å kunne offentlegjere den første større kontrakta om levering av automatane.

Ideen bak spylevæskeautomaten er å tilby eit alternativ for fylling av spylevæske, utan å måtte handtere plastemballasjen som spyleveske i dag blir distribuert i. Det er berre å fylle spylevæsketanken på same vis som du fyller drivstoff på bensin- og dieselbilar.

Større enn gassautomatar
Vendanor blei stifta i 2013. Det er eit selskap som blei spunne ut av miljøet i og rundt industriselskapet Nomek i Stryn for å utvikle, produsere og selje gassbehaldarautomatar - der du kan bytte din tome gassgrill med ein full når som helst på døgnet.

Så langt er over 700 slike automatar selde, i åtte land. Neste steg er å lansere automatane i Tyskland, ser Wieldraaijer.

Vendanor skal framleis produsere og selje gassbehaldarautomatar, men no har selskapet fått eit nytt bein å stå på. Innan tre år reknar Wieldraaijer med at talet på selde spylevæskeautomatane har passert talet på selde gassbehaldarautomatar.

Elias Loen Harold Wieldraaijer Malvin Sandbakk Arild Bødal
MEDEIGARAR: Vendanor er spunne ut av miljøet i og rundt industribedrifta Nomek i Stryn, eit miljø som også omfattar børsnoterte Norva24. Elias Loen i Nomek (t.v), Harold Wieldraaijer i Vendanor, Malvin Sandbakk i Norva 24 og Arild Bødal, med grunnleggar av Norva24, er alle direkte eller indirekte medeigarar i Vendanor. Foto: Ogne Øyehaug

Ny plattform
Teknologien bak den nye spylevæskeautomaten er ein plattform som Vendanor vil bruke for å lansere nye automatar for nye varer og tenester.

I første omgang skal gassbehalderautomaten vidareutviklast til ein ny versjon, bygd på den nye plattformen.

Kva som blir neste steg etter det vil Wieldraaijer ikkje kommentere, men seier det ikkje er mangel på idear.

Korona forseinka lansering
Prototypen til spylevæskeautomaten var klar i oktober 2020 og Wieldraaijer seier til NETT NO at han då håpa å kunne lansere kort tid etter.

Men koronaepidemien forseinka både levering av komponentar og utviklingsarbeidet, som medverka at tidspunktet for kommersiell lansering tok lenger tid.

16 tilsette
Vendanor har 16 tilsette.

Etter vekst kvart år fram til og med 2019, vart koronaåret 2020 ein nedtur for selskapet, der driftsinntektene fall til 21 millionar kroner, frå 37 millionar i 2019. Koronaepidemien og smitteverntitak gjorde at marknaden bremsa opp i 2020, men tok seg opp att i 2021, sa Wieldraaijer til NETT NO i august 2021.

Største aksjonær i selskapet er Grandevegen Invest (49 prosent), der Arild Bødal, Sandbakkfamilien i Stryn, Johny Birkeland, Elias Loen og Bjørn Aage Flo er medeigarar.

Publisert: 04.02.2022 15:31

Sist oppdatert: 04.02.2022 16:05

Mer om