Glede over storkontrakt 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
SAL: Etter 12 år har Jetmund Runde seld alle skipa i reiarlaget Aspire Norway. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Har seld Herøy-reiarlag

- Eg står med champagneflaska i eine handa og gravølflaska i den andre.

03.02.2023

Slik kommenterer Jetmund Runde kjenslene etter at han har seld siste båten i reiarlaget Aspire Norway (før Asper Norway).

Draumen om eiga reiarlag varde i 12 år. Saman med Håvard Høydalsvik Årsheim frå Austefjorden har selskapet hatt tre skip. To er selde frå før, siste skipet Asper Victoria er no seld til Smøla-selskapet Eines As.

Dei to 37-åringane starta opp eige reiarlag i 2010, kjøpte eldre båtar som dei oppgraderte og satsa mykje på vaktoppdrag for offshoreindustrien. I tillegg har ein frakta ensilasje (fiskeavskjer, red merk), og gjort andre typer oppdrag.

Skal rekruttere losar
Jetmund Runde har no fått jobb i Kystverket under losdirektøren. Han får blant anna ansvaret for å rekruttere og følgje opp statslosar.

Runde kjem sjølv frå losbygda Runde, og er spent på korleis det vert å ha ein fast jobb i staten.

- Eg gler meg til å kunne bruke meir tid saman med familien. Det er klart at det nærmast var ein heildøgnsjobb å byggje opp og drive Aspire Norway.

Heilt ute vert han likevel ikkje. Gjennom sitt dotterselskap R-Ship skal han bistå Eines AS med marknad og befraktningsoppdrag.

Vår Energy-oppdrag
Skipet Asper Victoria har hatt ei rekke vaktopphald og standby-tenester for olje- og gassindustrien. Skipet har no oppdrag for Vår Energi i Barentshavet. Om bord er eit mannskap på fire per skift.

Smøla-selskapet Eines har tre båtar som i stor grad har hatt oppdrag for havbruksindustrien.

Utvidar satsinga
Selskapet skriv på si heimeside at ein del av strategien er å sjå på andre sektorar enn havbruk. Ein har merka auka etterspørsel på slike tenester framover. Det gjeld mot olje og gass, men også for diverse bruprosjekt og offshore vindmøller.

- Vi har stor tru på ei ei positiv utvikling innan dette segmentet, skriv dei.

Svein Arve Iversen er tilsett som ny dagleg leiar Aspire Norway as. Han kjem frå stillinga som operativ leiar i Eines as.

Publisert: 03.02.2023 10:33

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:23

Mer om