Olympic
SELD: Olympic har seld Olympic Commander. Foto: Olympic
Nytt

Har seld Olympic Commander

Herøy-selskap sel 15 år gamalt fleirbruksskip.

30.09.2021

Selskapet Olympic NOR AS, som er eit heileigd selskap av Fosnavåg-baserte Olympic Subsea ASA, har seld fleirbruksskipet Olympic Commander. Det opplyser Olympic i ei børsmelding torsdag.

Overlevering har allereie funne stad.

Olympic Commander er eit 92,95 meter langt og 19,70 meter breidt fleirbruksskip, som vart levert frå Aker Yards i Brattvåg i 2006.

Ny avtale
I 2007 vart skipet oppgardert til subseaskip.

Skipet har dieselelektrisk framdrift.

Ifølgje Marine Traffic ligg skipet no ved Karmøy.

I børsmeldinga opplyser Olympic at selskapet held fram prosessen med å få til ein ny langsiktig avtale med dei sikra långivarane.

Publisert: 30.09.2021 13:52

Sist oppdatert: 30.09.2021 14:11

Mer om