Stig remøy kleven desember 2020 foto marius 11
OLYMPIC-REIAR: Olympic Subsea-sjef og eigar Stig Remøy hadde nok eit tøft år i fjor. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Svak vintersesong og nye nedskrivingar

Olympic-reiarlaget med nye minustal.

Marius Rosbach
22.03.2021

Reiarlaget Olympic Subsea la måndag fram tala for 4. kvarta og førebels årsresultat i 2020.

Selskapet skriv i kvartalsrapporten at vintermarknaden blei svak, etter at dei hadde ein god sommarsesong. Reiarlaget har difor gjort nye nedskrivingar for verdien av skipsflåten på 424 millionar kroner, går det fram av børsmeldinga.

Reiarlaget med base i Herøy hadde 7 av ti skip i arbeid ved utløpet av kvartalet.

Ventar framleis svak marknad
Inntektene for 4. kvartal i 2020 enda om lag som året før. I løpet av heile 2020 segla skipa inn knappe 564 millionar kroner.

Det er kring 65 millionar lågare enn i 2019 (sjå tabell under).

Olympic Subsea ASA
Resultat 4. kvartal (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 115,2 116,6
Driftsresultat -441,3 -203,4
Res. før skatt -424 -282
Resultat 2020 (i mill kr)
Driftsinntekter 562,9 628,6
Driftsresultat -397 -92,8
Res. før skatt -510,3 -279,5

Framover ventar reiarlaget, som har fornybar energi og subsea som sine hovudmarknader, ein framleis svak etterspurnad slik vintersesongen pleier å vere.

Styret meiner det er for tidleg å seie kva effekt koronapandemien og ein uroleg finansmarknad vil ha å seie på sikt for deira marknader.

Trur dei lukkast med forhandlingar
I rapporten viser reiarlaget til dei pågåande forhandlingane om å få på plass ein ny profil på avdraga for gjelda.

Reiarlaget omtalar diskusjonane som konstruktiv og vurderinga til styret er at prosessen har «rimeleg sannsynligheit» for å lukkast.

– Den finansielle situasjonen for konsernet er uansett ikkje tilfredsstillande på grunn av pressa likviditet, påpeiker styret.

Gjeld på drygt tre mrd.
Ved utløpet av kvartalet var skipsverdiane på kring 2,3 milliardar og selskapet hadde knappe 128 millionar kroner i kontantar og bankinnskot.

Reiarlaget har ein negativ eigenkapital på nær 450 millionar kroner og gjelda er på drygt tre milliardar.

– Dersom pågåande forhandlingar ikkje når fram, og i tilfelle konsernet blir tvinga til å realisere sine verdiar, er det risiko for at verdiane blir realisert på eit lågare beløp enn bokført verdi, då bruksverdiberekningar er høgare enn estimerte salsverdiar for fleire av skipa, påpeiker styret i rapporten.

Publisert: 22.03.2021 16:06

Sist oppdatert: 30.09.2021 14:08

Mer om