Stig remøy kleven desember 2020 foto marius 11
FRIST PÅ TO VEKER: Herøy-reiar Stig Remøy og Olympic Subsea har frist på seg til ut august til å kome til ein ny gjeldsavtale med alle kreditorane. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt minuskvartal for Olympic

No har Stig Remøy to veker på seg til å bli samde med kreditorane.

Marius Rosbach
16.08.2021

Olympic Subsea la fredag fram tala for første kvartal, som viser at reiarlaget hadde ein tøff vinter med lågare inntekter frå skipa sine.

Reiarlaget hadde inntekter på 91 millionar kroner i kvartalet, ifølgje rapporten i børsmeldinga. Det er ein nedgang frå 114 millionar året før.

Driftsresultatet enda på minus 27 millionar, og finanskostnader på 48 millionar, trekte resultat før skatt ned til minus 62 millionar (sjå tabell under).

Frist ut månaden om gjeldsavtale
Dei har vore i forhandlingar i lengre tid med kreditorane, for å få på plass ei ny finansieringsordning. Tidleg i august fekk dei sikra støtte frå eit fleirtal av långivarane for å gjere om gjeldsavtalen i konsernet.

Per i dag har dei frist til ut august til å kome til ein avtale med dei resterande långivarane.

Olympic Subsea
Resultat (i mill kr)
1. kvartal 2021 2. kvartal 2020
Driftsinntekter 91,4 114,9
Driftsresultat -27,6 -25,7
Res. før skatt -62,8 -70,3

Leiinga skriv i rapporten at dei ventar at kredittgodkjenningar og endeleg avtale vil vere på plass innan utgangen av månaden. Inntil då er reiarlaget i brot med lånevilkåra.

Leiinga påpeiker at konsernet kan bli tvinga til å realisere verdiane sine til eit lågare beløp enn bokført verdi, om dei pågåande forhandlingane ikkje fører fram.

Låg aktivitet i vinter
Om marknaden skriv selskapet at det var låg aktivitet i subsea i vinter, og at dei venta betre tider framover. På lengre sikt har dei også tru på at fornybarmarknaden vil vekse.

Reiarlaget hadde åtte av ti skip i arbeid i løpet av kvartalet.

Reiarlaget hadde ved utløpet av første kvartal ein negativ eigenkapital på med 510 millionar kroner og gjelda er på knappe tre milliardar.

Publisert: 16.08.2021 12:05

Sist oppdatert: 02.09.2021 10:24

Mer om