Har utvikla autonomt oppdrettsskip
OPPDRETTSSKIP: Slik ser Rolls-Royce og Eidsfjord Sjøfarm for seg at eit autonomt lukka oppdrettsanlegg skal sjå ut. Anlegget er 270 meter langt, og dreier seg rundt forankringspunktet.
Nytt

Har utvikla autonomt oppdrettsskip

Rolls-Royce har stor tru på at dei saman med Eidsfjord Sjøfarm har funne løysinga på mange av problema oppdrettsnæringa slit med.

14.12.2017
- Ja, etter vårt syn bør dette vere ei svært god løysing, ikkje minst for å fremme fiskehelse og for å utnytte sjøareala mest muleg effektivt.
Det seier designsjef Einar Vegsund i Rolls-Royce.
Selskapet har gått i kompaniskap med Eidsfjord Sjøfarm, som har søkt 17 utviklingskonsesjonar for konseptet ‘Eidsfjord Giant’.

270 meter lang

Sentralt i konseptet er eit lukka oppdrettsanlegg som er utforma som eit førarlaust skip.
‘Skipet’ er 270 meter langt, 42 meter breidt og vil romme seks tankar på kvar 11.000 kubikkmeter.
Vegsund seier at det er Rolls-Royce sin ekspertise rundt utvikling av framtidsretta skipsdesign og satsinga innanfor autonome fartøy som er hovudgrunnen til at Eidsfjord Sjøfarm tok kontakt.
- I tillegg er Holmøy-reiarlaget hovedeigar i Eidsfjord Sjøfarm, eit reiarlag vi har bygt fleire skip til og har ein god relasjon til.

Milliardsatsing

Gigantmerda skal byggjast i stål, og det er allereie henta inn prisindikasjonar frå verft. Samla kan investeringa kome opp i ein milliard kroner for Eidsfjord Sjøfarm.
Den autonome oppdrettsmerda vert forankra som eit skip, og vert i tillegg utstyrt med propellar, slik at installasjonen kan posisjonere seg i høve til vêr og vind.
Sjøvatnet skal takast inn frå ideelle djupne for å unngå luseproblematikk og sikre optimale vekstforhold, og i det lukka anlegget vert alle avfallsprodukta samla opp og gjenvunne.

LNG-forsyning

I utgangspunktet vert LNG energikjelda.
- Vi ser for oss at slike anlegg kan liggje ute i fjordmunningane. Om det er nært land, så er det ikke unaturleg at ein i tillegg til LNG også kan nytte elektrisk kraft, seier Vegsund.
Heile anlegget skal kunne fjernstyrast.
- Ja, men det vert samstundes tilrettelagt for arbeidsplassar om bord.
Planen er at laksen skal vere i det lukka anlegget til fisken vert vel to kilo stor. Deretter skal han vekse seg slakteferdig i opne anlegg lenger ute til havs.

Støttefartøy

I tillegg til sjølve oppdrettsløysinga, vil det vere behov for fôrbåtar, forsyningsskip av LNG og brønnbåtar.
- Her kan det nyttast eksisterande tonnasje, men vi ser også på nye løysingar.
Vegsund seier at prosjektet er veldig spennande.
- Ja, dette er noko vi har stor tru på, men så langt ligg søknadene til handsaming hos Fiskeridirektoratet.
Les også:
Vi ser for oss at slike anlegg kan liggje ute i fjordmunningane

Publisert: 14.12.2017 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16