Inger Synnøve Remme Vebjørn Krogsæter foto Marius 11
Nytt

Haram startar opp att samarbeid skule-næringsliv

Veit elevane kva jobbmoglegheiter dei har i kommunen, Kongsberg eller Valaker? Det skal dei iallfall få vite snart.

Marius Rosbach
15.02.2024

Haram har vore kjent for å ha eit godt samarbeid mellom næringsliv og skule i kommunen.

Etter at skilsmissa frå Ålesund kommune, er no dei på full fart med å stable på beina eit tilsvarande opplegg som har vore kjent under namnet Haramsmodellen.

– I ein kvardag der vårt næringsliv slit med å få nok arbeidskraft, med rett kompetanse håper vi å få letta litt på dette, uttalte næringssjef Inger Synnøve Remme i Haram då intensjonsavtale blei signert under Haramskonferansen tidlegare i veka.

Kva veit vi eigentleg om kva for yrker ein har om bord i båten Geir
Inger Synnøve Remme

Vil gjere elevane kjent i lokalt yrkesliv
Håpet er at elevane – kanskje allereie frå hausten - skal møte eit opplæringsprogram der skulane samarbeider med offentleg og privat arbeidsliv.

– Kva veit vi eigentleg om kva for yrker ein har om bord i båten Geir som vi køyrer forbi når den ligg ved kai på Grytastranda eller kor mange ulike yrker ein finn ved Bra Elektro, spurde Remme.

Og veit elevane kva moglegheiter som kjem med ein jobb i kommunen, Kongsberg eller Valaker, lurde ho vidare.

– Dette vil vi arbeide med, slo ho fast.

Målet er at forprosjektet skal munne ut i eit årshjul som dei skal jobbe etter.

– Vi ønsker å sikre at alle elevane i kommunen vår skal få moglegheit til å bli kjent med mangfaldet av ulike næringar og yrke i Haram kommune, uavhengig av kor dei bur og tilfeldige kontaktnett mellom lærarar og bedrifter, sa Remme vidare.

I samarbeid med Ungt Entreprenørskap
Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal skal vere med å planlegge, gjennomføre og halde kurs og opplæring i ulik program.

Prosjektet skal strukturere og forplikte eit kvalitetssikra opplæringssamarbeid mellom skule og offentleg og privat arbeidsliv, forankra i gjeldande læreplanar, heiter det i omtalen av arbeidet.

Fleire kommunar på Sunnmøre jobbar etter tilsvarande metodar. Hareid og Herøy er mellom dei som lar elevane blir kjent med lokalt næringsliv ved hjelp av Ungt Entreprenørskap sine program.

Publisert: 15.02.2024 12:44

Sist oppdatert: 16.02.2024 09:44

Mer om