Gjer ungane tidleg kjent med lokalt næringsliv
Hareid merkar allereie gode ringverknader av satsing som skal gi auka stoltheit og fleire tilbakeflyttarar.
Tysdag
vart det skrive under ein femårig avtale som skal sikre dei som veks opp i
Hareid kommune god kjennskap til næringslivet og kva moglegheiter som legg her
for dei når dei blir vaksne.
– Ein ønskjer å starte tidleg med å introdusere dei som veks opp her for kva næringslivet i Hareid har å by på og bruke tid på å bygge kunnskapen som gjer borna betre rusta til å ta kloke utdanningsval og sjå potensiale for karrieremoglegheiter i heimbygda, heiter det i ei pressemelding om prosjektet.
– Ei skikkeleg gladsak
Avtalen kalla «Samarbeid læring – næring» er mellom Hareid-skulane, 19 private bedrifter, kommunen, Ungt Entreprenørskap, Hareid næringsforum og bransjeorganisasjonen MAFOSS.
Prosjektleiar Julie Sundgot Andersen i Vekst i Hareid fortel at samarbeidet har fått stor merksemd, også utanfor kommunegrensa og blitt kjent som «Hareidsmodellen».
– Å lande dette samarbeidet i ein langsiktig avtale er ei skikkeleg gladsak for Hareid og er viktig i arbeidet for barn og unge, fortel Andersen til NETT NO.
Skal gjennom ei rekke aktivitetar
Dei som deltar i samarbeidet forpliktar seg til å gjennomføre ei rekke aktivitetar for elevar frå 1. til 10. klassetrinn.
Mellom anna skal alle programma til Ungt Entreprenørskap gjerast. Ein har óg lagt opp til ei spissa satsing på lokalutvikla opplegg som Jenter og teknologi og Menn i helse. Både offentlege og private arbeidsplassar er inkludert i avtalen.
Sjølve signeringa skjedde i produksjonshallen til Dimo, som er mellom bedriftene som er med i prosjektet.
Merkar positive ringverknader
I pilotperioda, som har gått føre seg det siste halvanna året, har elevane fått ein smakebit på arbeidet.
Og allereie opplever dei rekkje positive ringverknader av arbeidet.
– Meir motiverte elevar, tettare dialog mellom skule og bedrift og større engasjement rundt entreprenørskap er nokon av dei. Dette er svært gledeleg å sjå, uttaler rektor Siv-Marit Røyset Kaldhol ved Hareid ungdomsskule om erfaringane så langt.
Publisert: 12.09.2023 16:39
Sist oppdatert: 12.09.2023 23:03