Haramskonferansen utselt for foerste gong
OPNAR: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen skal snakke om korleis regjeringa sin politikk bidreg til berekraft. 
Nytt

Haramskonferansen utselt for første gong

Røkkes REV-prosjekt og Kongsberg Maritime er på programmet, men lokal næringsleiar trekk fram eit anna skup.  

Marius Rosbach
11.02.2019
Haramskonferansen 2019 går av stabelen tysdag ved Ingebrigt Davikhuset i Brattvåg. Før helga stoppa arrangørane påmeldinga på 200 deltakarar.
– Dette er første gong vi er utselt på førehand, seier ein nøgd leiar Henrik Dalelid Vedde i Haram Næring- og Innovasjonsforum til NETT NO.
Konferansen hek for seg temaet «berekraftig leiiing» og vert opna av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. På scena kjem Nina Jensen for å snakke om Kjell Inge Røkkes REV-prosjekt og Bård Bjørløw frå Kongsberg Maritime skal snakke om framtidas verdiskaping.
– Eg gler meg spesielt til å høyre Ditlev Engel og synest det er eit lite skup at vi får besøk av ham, fortel Vedde.
Toppsjefen i DNV GL Energy er tidlegare kåra til årets næringslivsleiar i Europa og er for tida Danmark sin spesialutsending for klima og energisaker. «Framtidens forretningsmodeller bygd på ny energi» er stikkorda for Engel sitt innlegg.
Andre på programmet er Jets-direktør Øyvind Tørlen, Annik Magerholm Fet frå NTNU Ålesund og tidligere Nor-Shipping-direktør Birgit Liodden som no er direktør for berekraft, havrom og kommunikasjon hos Oslo Business Region (OBR).
Arne Hjeltnes skal snakke om korleis kysten skal redde oss. Konferansier i år er NETT NO-redaktør Ogne Øyehaug.
I år har konferansen også ein eigen app der deltakarane kan følgje med og kommunisere med kvarandre.

(ekstern lenke)


(ekstern lenke)


Publisert: 11.02.2019 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31