Haugenbok.no er den handelsbedrifta kundane er mest fornøgd med. I fjor kom butikken på andreplass, i år klatra den heilt til topps.
– Heilt ufatteleg, seier dagleg leiar Lars-Ove Hammer i Haugenbok.no til Dagens Næringsliv, som skriv om Kundebarometeret i avisa i morgon, tysdag 12. mai.
Haugenbok.no kom på førsteplass, med storbedrifter som Toyota, Flytoget og BMW på dei neste plassane.
Forlagshuset Vigemostad & Bjørke kjøpte alle aksjane i selskapet i løpet av 2011 og 2012. I følgje Dagens Næringsliv var driftsinntektene 150 millionar kroner i 2014.
– Heilt ufatteleg, seier dagleg leiar Lars-Ove Hammer i Haugenbok.no til Dagens Næringsliv, som skriv om Kundebarometeret i avisa i morgon, tysdag 12. mai.
Måler 180 bedrifter
Det er Handelshøgskulen BI som kvart år gjennomfører undersøkinga Norsk Kundebarometer, der over 9000 forbrukarar er spurt om kva dei meiner om 186 ulike bedrifter frå rundt 30 bransjar.Haugenbok.no kom på førsteplass, med storbedrifter som Toyota, Flytoget og BMW på dei neste plassane.
Frå butikk til nett
Jostein Haugen etablerte bokhandel i Volda i 1929. På 70-talet satsa bedrifta på postordre, og sidan 2009 har den vore ein reindyrka nettbokhandel.Forlagshuset Vigemostad & Bjørke kjøpte alle aksjane i selskapet i løpet av 2011 og 2012. I følgje Dagens Næringsliv var driftsinntektene 150 millionar kroner i 2014.
Publisert: 13.05.2015 12:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44






