Gunnar Larsen Hav Group Skjermbilde foto Hav Group
SVAR ETTER SOMMAREN: Ikkje lenger etter sommarferien håpar Hav Group-sjef Gunnar Larsen at det skal vere klart for signering av avtale om kjøp av Høglund Marine Solutions. Foto: Hav Group
Nytt

Hav Group annonserer oppkjøp

Vil kjøpe selskap med 90 tilsette.

29.06.2022

Høglund Marine Solutions i Vestfold har vore ein samarbeidspartnar for Hav Group i mange år. Eit oppkjøp vil utløyse samanslåingsgevinstar, og passe godt saman med Hav Group sitt datterselskap Norwegian Electric Systems, skriv Hav Group i ei børsmelding.

Hav Group og Høglund Marine Solutions har signert ei intensjonsavtale om at Hav Group kjøper selskapet.

No skal selskapa gjennom ein såkalla "due dilligence-periode" der dei får ytterlegare innsyn i verksemdene. Administrerande direktør Gunnar Larsen seier til NETT NO at han ventar ein avklaring om det blir ein bindande avtale ikkje lenge etter sommarferien.

Stort kjøp
Høglund Marine Solutions hadde 380 millionar kroner i driftsinntekter i fjor og har 90 tilsette.

Hav Group-konsernet hadde 916 millionar kroner i driftsinntekter i fjor, som betyr at Høglund Marine Solutions vil bli ein relativ stor tilvekst for Hav Group.

Børmeldinga seier ikkje noko om kor mykje Hav Group skal betale for å kjøpe Høglund Marine Solutions.

Publisert: 29.06.2022 08:44

Sist oppdatert: 29.06.2022 08:53

Mer om