Hav Group skjermfoto 4 Q
BØRSHOPP: Aksjekursen i Hav Group steig over 18 prosent etter at børsen opna i dag. Hav Group-sjef Gunnar Larsen presenterte resulatet per 4. kvartal 2021 før børsopning.. Skjermfoto frå resultatpresentasjon.
Nytt

Oppsving for Hav Group

Inntekstvekst, auka lønsemd og oppgang på børsen.

11.03.2022

Aksjekursen i Hav Group steig til 20,20 kroner, over 18 prosent opp samanlikna med sluttkursen i går, då handelen på Oslo Børs opna i dag.

Kursen er den høgaste kursen selskapet har hatt sidan børsnotering. Det kraftige kurshoppet vart kortvarig, klokka 09:13 var kursen 18,30 kroner per aksje. Det er ein auke på 7,65 prosent samanlikna med i går.

Før børsopning i dag hadde aksjekursen til Hav Group stige 26,5 prosent sidan 28. januar i år, då den var nede i 12,50 kroner og 16 prosent sidan årsskiftet.

Klokka 08.00 presenterer Hav Group-sjef Gunnar Larsen reknskapen pr. 4. kvartal. Klikk her for å sjå presentasjonen.

Les børsmelding her

Skilde ut
I november 2020 skilde Havyard Group ut datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, og samla dei i Hav Group. Hav Group blei notert på Oslo Børs i mars i 2021.

Etter at Havyard Group i desember i fjor bestemte seg for å dele ut ein del av aksjane sine i Hav Group som utbytte blei Havyard Group sin eigarandel i Hav Group halvert, til 33,3 prosent.

Havyard Group har også eit tilbakekjøpsprogram av eigne aksjar, og eig i dag 1,78 prosent av aksjane.

Inntektsvekst
Skipsdesignselskapet Hav Design er største datterselskap, med 627,1 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 84,7 millionar kroner i 2021. I 2020 var driftsinntektene 247 millionar kroner og resultatet før skatt minus 3,3 millionar kroner.

Norwegian Greentech er det nest største datterselskaet. Det lagar renseanlegg for ballastvatn. aukar driftsinntektene frå 75,1 millionar kroner i 2020 til 167,5 millionar kroner i 2021. Resultatet før skatt auka frå 8,9 millionar kroner i 2020 til 11,9 millionar kroner i 2021.

Selskapet har lønsemd og kapital til å vekse gjennom oppkjøp i følgje presentasjonsen i dag, og konsernsjef Gunnar Larsen sa at konsernet ventar å nå 1,3 milliardar kroner i driftsinntekter i 2025, med dei selskapa konsernet omfattar i dag.

Hav Group ASA

4. kvartal. i mill. kroner

20212020
Driftsinntekt224,5143,1
Driftsresultat25,4-12,0
Resultat før skatt22,66,2
Hav Group ASA
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20212020
Driftsinntekt916,7643,3
Driftsresultat92,230,9
Resultat før skatt89,319,5

Publisert: 11.03.2022 07:33

Sist oppdatert: 11.03.2022 09:28

Mer om