Kjell Are Furnes i forgrunnen Nora Sorsdal i Reen investormatch 2025 foto Ogne
NYTT INVESTERINGSFOND: Kjell-Are Furnes er partnar og dagleg leiar i investeringsfond-selskapet Fiori. I forgrunnen dagleg leiar Nora Sørsdal i avfallshandteringsteknologi-selskapet Reen, som Fiori-partnar Havila Holding har investert 80 millionar kroner i. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Havila Holding inn i investeringsselskap

Går saman med Ably Medical-grunnleggar og produktutviklingsselskap i investeringsfondet Fiori.

Fiori er i ferd med å reise minst 250 millionar kroner til sitt andre fond, Fiori II, og forvaltar allereie fleire investeringar.

Det fortel Kjell-Are Furnes i Fiori, som var ein av innleiarane på Investormatch på Pir i Ålesund tysdag.

Furnes er ein av grunnleggarane av helseteknologiselskapet Ably Medical, og partnar og dagleg leiar i Fiori. 

Den tredje partnaren i Fiori er selskapet Agens, som starta som ein app-utviklar - og har utvikla seg til eit produktutviklingsselskap. 

Avfallsteknologi
Fiori er oppretta for å investere i relativt nyetablerte teknologiselskap innan hav, klima, programvareutvikling og helsebransjen.

Den første større investeringa Fiori forvaltar for augneblinken, er Havila Holding si investering på 80 millionar kroner i avfallshandteringsteknologi-selskapet Reen.

På investeringslista står også HR-programvareselskapet Huma, undervasslysselskapet Neva Marine og Vidd - som utviklar kunstig intelligens til bruk i helsevesenet.

Store moglegheiter
Nett No har førebels ikkje lukkast med å få ein kommentar frå investeringsansvarleg og medeigar Vegard Sævik i Havila Holding, men i ei pressemelding seier han dette om investeringa i Reen:

– Vi har lang erfaring med å bygge verdiar over tid i maritime næringar. No ser vi store moglegheiter for å bruke den erfaringa innanfor avfall- og materialbruk, seier han i meldinga.

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media as, som gir ut NettNo.

Publisert: 20.05.2025 14:39

Sist oppdatert: 20.05.2025 17:04

Mer om