Erna Solberg Per Sævik foto Ogne
STATSMINISTEREN FØRST: Statsminister Erna Solberg var ein av dei første som fekk vite at eit tilbod til minoritetsaksjonærane i Fjord1 var like om hjørnet, då hos vitja Herøy og blant andre Per Sævik i Havila Holding i førre månad. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Havila-kjøp i Fjord1

Kontrollerer 93,55 prosent i ferjereiarlaget. Måtte gå opp i pris.

07.07.2021

Med kontroll over meir enn 90 prosent av aksjane har Havila-selskapet passert grensa som gir rett til å kjøpe ut resten av eigarane i børsnoterte Fjord1.

I børsmeldinga i dag fortel Havila-selskapa at det har, eller er i ferd med å få, kjøpt aksjar som gjer at dei har hand om 93,55 prosent av aksjane.

Fjord1-aksjane til Havila Holding er eigd av tre datterselskap, Havilafjord, Havilafjord Holding og Havilafjord Holding. Havila Holding er holdingselskapet til Per Sævik og hans tre barn.

Fortalde det til statsministeren
Då statsminister Erna Solberg (H) vitja Nordvestlandet i førre månad var mellom anna eit besøk i Havila-hovudkontoret på programmet.

Det fortalde Per Sævik at eit oppkjøp av resten av aksjane i Fjord1 ikkje var langt unna.

Havila Holding tok i mai 2020 full kontroll over Fjord1 saman med sin amerikanske partner Vision Ridge Partners etter å ha kjøpt ut Fredrik W. Mohn sin aksjepost på 18,46 prosent for 877 millionar kroner.

Etter kjøpet av Mohn sine aksjar kom Havila Holding opp i 86 prosent eigarskap.

Skal eige 50/50
No skal eigarposten til Havila Holding reduserast.

Målet er å få hand om alle aksjane først, og deretter at eigarskapen i Fjord1 skal delast 50/50 mellom Havila-selskapa og deira amerikanske partnar Vision Rigde Partners.

Havila og Vision Ridge Partners har tidlegare opplyst at planen er utvikle Fjord1 til eit integrert transport- og reiselivsselskap, der partane også skal samarbeide om Havila Kystruten.

Havila Kystruten er i desse dagar i ferd med å hente inn ny kapital, og planlegg børsnotering.

52 kroner aksjen
Aksjekjøpet som er meldt etter at børsen stengte i dag er gjort til 52 kroner aksjen. Det er den høgaste kursen på aksjen sidan juni 2018.

52 kroner aksjen er også tilbodet til mindretalsaksjonærane.

Ved børsslutt var aksjekursen i Fjord1 44,90 kroner per aksje, som prisar selskapet til 4,5 milliardar kroner. 52 kroner aksjen verdset Fjord1 til 5,2 milliardar kroner.

Publisert: 07.07.2021 17:39

Sist oppdatert: 07.07.2021 18:26

Mer om