Arne Johan Dale Foto Havila Holding
BØRSNOTERER: Går alt etter planen er konstituert administrerande direktør Arne Johan Dale i Havila Kystruten sjef for eit børnotert selskap før juli er omme. Foto: Havila Holding
Nytt

Havila Kystruten går på børs

Går til aksjemarknaden for å gjere klar skipa som blir bygd i Tyrkia og tek selskapet på børs.

06.07.2021

Havila Kystruten skal hente inn mellom 450 og 500 millionar kroner gjennom ei privat plassering, skriv selskapet i ei pressemelding.

I samband med kapitalutvidinga søkjer selskapet også om å bli notert på Euronext Growth. Vender børsen tommelen opp kan selskapet vere børsnotert i løpet av juli.

"Pengene skal sikre selskapet tilstrekkelig likviditet til forberedelser og leveranse og sette i drift de fire kystruteskipene etter hvert som de leveres fra Tersan-verftet i Tyrkia.", heiter det i pressemeldinga.

Verdsett til 765 millionar
Hovudaksjonæren, Sævikfamilien, skal eige over 50 prosent av selskapet etter kapitalutvidinga.

Det er Fearnleys Securities og SpareBank 1 Markets som har fått jobben med å gjennomføre kapitalutvidinga. Fristen for å teikne seg er sett til klokka 16:30 tysdag 13. juli.

Prisen per aksje i den private plasseringa er sett til 25,50 kroner per aksje, som prisar Havila Kystruten til 765 millionar kroner før kapitalutvidinga.

Les detaljert melding om kapitalutvidinga på Havila Kystruten si nettside

Konstituert administrerande direktør Arne Johan Dale seier i pressemeldinga at kapitalinnhentinga er starten på ei ny epoke i Havila Kystruten.

Fem investorar har i følgje meldinga forplikta seg til å kjøpe aksjar for tilsaman 232,5 millionar norske kroner, på vilkår av at selskapet lukkast med å hente eit tilsvarande beløp frå andre investorar. Dei fem er: Paladin Asset Management, Nordea Investment Management, Farvatn Capital, Verdipapirfondet Fondsfinans Norge og MP Pensjon PK.

På etterskot
Havila Kystruten og Hurtigruten ASA vann kvar sin del av anbodet då staten sist lyste ut oppdraget med å frakte gods og passasjerar med daglege avgangar mellom Bergen og Kirkenes.

Havila Kystruten skal drive med fire skip. Opphavleg skulle to byggast i Spania og to i Tyrkia, med det spanske verftet greidde ikkje å halde tidsplanen og fekk store økonomiske vanskar.

Til slutt blei all bygging flytta til Tyrkia, men summen av vekt- og stabiltetsproblem, koronarestriksjonar og forseinkingane i Spania gjer at bygginga i Tyrkia også er forseinka.

Anbodsperioden starta 1. januar i år, men kombinasjonen av koronarestriksjonar og forseinka bygging gjer at Havila Kystruten førebels ikkje har kome i gang.

Tidlegare i år hadde Havila Kystruten lagt reiser ut for salg billettar til reise med det første skipet frå i dag, tysdag 6. juli.

Havila Kystruten Hjørundfjorden illustrasjon Havila Kystruten
TREDJE KVARTAL: Havila Kystruten skulle opphavleg vere klar til å segle får 1. januar i år. Den oppdaterte avtalen med staten er at første skip skal vere i drift i løpet av 3. kvartal. Illustrasjon: Havila Kystruten

Det blei det ikkje noko av, og per i dag ligg alle fire skipa framleis i Tyrkia. Dale seier til NETT NO at selskapet vil kome med ei oppdatering om når skipa er klar 20. juli. Per i dag er avtalen med staten av eitt skip skal vere i trafikk i løpet av 3. kvartal i år og eitt i løpet av 4. kvartal-

Av børs med Fjord1
Meldinga om at Havila Kystruten skal børsnoterast kjem kort tid etter at Per Sævik fortalde at arbeidet med å ta Fjord1 av børs kan vere gjort i løpet av sommaren.

Gjennom datterselskapa Havilafjord, Havilafjord Holding og Havilafjord Holding 2 eig Sævikfamiliens selskap Havila Holding 86 prosent av børsnoterte Fjord1. Når mindretalsaksjonærane er kjøpt ut skal Sævik-familien og deira amerikanske partnar Vision Rigde Partners eige Fjord1 50/50.

Havila og Vision Ridge Partners har tidlegare opplyst at planen er å utvikle Fjord1 til eit integrert transport- og reiselivsselskap, og der partane også skal samarbeide om Havila Kystruten.

Sævik-familien eig i dag Havila Kystruten gjennom selskapet Havila Holding. Havila Holding eig 33,44 prosent i Bakkar og Berg Media as,. som gir ut NETT NO.

Publisert: 06.07.2021 09:18

Sist oppdatert: 14.07.2021 08:30

Mer om