Havila Capella 2 ved Tersan
FØRST: Havila Capella blir det første av fire skip Havila Kystruten får frå Tyrkia. No testar skipet motor og utstyrt utanfor verftet.
Nytt

Havila Kystruten-start 26. september

Havila Kystruten planlegg første avgang 26.september i år, men tek ikkje sjansen på å garantere at tidsplanen held.

20.07.2021

Havila Capella seglar no fram og tilbake ved Tersan Shipyard i Tyrkia, viser sporingsdata frå Marine Traffic.

Skipet er det første av i alt fire som Havila Kystruten skal få levert frå verftet for å trafikkere gods- og passasjerruta mellom Bergen - Kirkenes.

Etter kontrakten med staten skulle Havila Kystruten vore i gang 1. januar i år.

Startar i Bergen
I ei pressemelding frå Havila Kystruten i dag skriv selskapet at den første rundturen skal starte frå Bergen 26. september i år, med Havila Capella.

I og med at Havila Kystruten ikkje har ein dato for når reiarlaget kan overta Havila Capella tek selskapet atterhald om at tidpunktet for første avgang kan bli endra. Etter at reiarlaget tek over skipet skal det seglast til Noreg for endleg klargjering for avgang:

"Usikkerhet knyttet til den første avgangen vil bli avklart senest rundt 1. september. På det tidspunktet regner selskapet også med å kunne opplyse om forventet tidspunkt for levering av skip nummer to, Havila Castor. Leveringstidspunkt er nå forventet å være 6-8 uker etter leveringen av Havila Capella.", skriv Havila Kystruten i pressemeldinga.

Flytta frå Spania
Tidlegare i år starta Havila Kystruten bilettsalet til sin då planlagde første avgang, 6. juli.

Den tidsplanen sprakk, som fleire tidlegare tidsplanar.

Opphavleg skulle Havila Kystruten bygge to skip i Spania og to i Tyrkia.

Men økonomiske vanskar hos verftet i Spania gjorde at Havila Kystruten flytta bygginga av til Tyrkia, slik av Tersan Shipyard enda opp med alle fire skipa.

I tillegg kom vektproblem som måtte justerast for og på toppen av det heile stakk den verdsomspennande koronaepidemien og smittervernrestriksjonane mot den kjeppar i hjula for framdrifta i Tyrkia. Einaste trøysta var at epidemien også gjorde at norske styresmakter lempa på krava til når Havila Kystruten måtte vere operativ, fordi det ikkje var eit poeng å segle med tome skip under epidemien.


Publisert: 20.07.2021 13:40

Sist oppdatert: 20.07.2021 14:26

Mer om