Havila capella castor sjøsetting innfelt restaurant foto tersan 111
KLARE TIL SOMMAREN: Dei første restaurantgjestane kan truleg sette seg til bords ved Havila-skipa til sommaren. Skipa skal heite Havila Capella og Havila Castor og blir måla blå kort tid før levering. Foto/illustrasjon: Tersan/Havila Kystruten
Nytt

Nokre seglasar nærmar seg fullbooka

Interessa er stor for å reise med Havila Kystruten allereie før skipa har vore på prøvetur. Samtidig slit verftet med korona-utfordringar.

Marius Rosbach
08.04.2021

Havila Kystruten og Samferdsledepartementet er framleis i forhandlingar om ein avtale for korleis skipa til reiarlaga skal segle på den tradisjonsrike kystruta mellom Bergen og Kirkenes. Nøyaktig korleis oppstarten og seglingsplanen blir, er difor for tidleg å seie.

Men administrerande direktør Arild Myrvoll fortel at dei allereie opplever god interesse for seglasane som er sett opp frå 6. juli.

– Vi har veldig godt belegg på båtane for sommaren og utover hausten, og ein del seglasar er tilnærma fullbooka, fortel Myrvoll til NETT NO.

Det vil seie at skipa er så fulle som reiarlaget ønsker at dei skal vere på noverande tidspunkt. Kystrute-direktøren påpeiker at dei også har meir lempelege reglar for å avbestille reiser, med den smittesituasjonen marknaden er i.

Myrvoll fortel at det også er mange frå utlandet som har bestilt turar, og desse er naturleg nok avhengig av korleis reisemoglegheitene blir utover sommaren.

Det er ikkje heilt lett å skulle innrette seg kvartal for kvartal - verken for oss som selskap, eller dei som skal arbeide om bord i skipa
Arild Myrvoll
Havila kystruten illustrasjon havila kystruten 11
GASS OG BATTERIDRIFT: Dei 125 meter lange skipa kan ta inntil 700 passasjerar, og skal byggast med motorar fra Rolls-Royce som går på naturgass (LNG). I tillegg til store batteripakkar om bord, blir skipa klargjort for hydrogendrift. Illustrasjon: Havila Kystruten

Behov for langt færre skip
Utviklinga av koronapandemien gir utfordringar på ulike vis for reiarlaget. Ein ting er at kystrutestrekninga blir operert med langt færre båtar, som følgje av lågare etterspurnad.

No er reiarlaget i forhandlingar med departementet om ein tilleggsavtale for andre kvartal. Myrvoll fortel at både tidslengda for nye avtalar og innhaldet i dei, er mellom diskusjonstema mellom partane.

– Dette er noko vi forhandlar om. Vi ønsker føreseielege avtalar og det er ikkje heilt lett å skulle innrette seg kvartal for kvartal - verken for oss som selskap, eller dei som skal arbeide om bord i skipa, legg han til.

Rett før påske blei det kjent at Hurtigruten skal segle med fem av sine sju skip ut juni.

I utgangspunktet skulle dei to reiarlaga segle med til saman 11 skip på strekninga. Men det var pandemien slo til. Samferdsledepartementet sin kommunikasjonseining opplyser til NETT NO at dei førebels ikkje kan seie noko om kor lang tid det vil ta før behovet er oppe på same nivå som før pandemien.

(saka held fram under)

Havila tersan april 2020 22
ALLE FIRE I TYRKIA: Slik såg skip ut i fjor vår ved Tersan-verftet. Opphavleg skulle to av Havila Kystrutens nye skip byggast i Spania, men no blir alle fire bygd i Tyrkia. Foto: Tersan

Korona-utfordringar i Tyrkia
Arild Myrvoll og eigar Per Sævik var mellom fleire frå reiarlaget, som før påske besøkte Tersan-verftet, der to av skipa nærmar seg ferdige.

Sævik legg ikkje skjul på at pandemien har gitt både dei og verftet ekstra utfordringar.

– Det har påført oss forseinkingar, så det er ikkje tvil om at det har skapt betydelege problem. Det har vore vanskeleg å få inn både servicefolk og anna. Eg har inntrykk av at verftet gjer så godt dei kan, men ein del av konsekvensane er ikkje lette å handtere, fortel Sævik til NETT NO.

Den siste leveringdatoen som er antyda, er månadsskifte mai/juni. Men med ein ustabil smittesituasjon, vil det ikkje kome som noko stor overrasking om skipa blir nokre nye veker forseinka.

– Det går framover, men vi fekk nyleg ei oversikt som viser stigande kurve på koronasmitta der nede. Det lovar ikkje så bra, men vi får sjå, seier Sævik.

(saka held fram under)

Havila kystruten lugar illustrasjon vestnes turkey 22
TOMANNS-LUGAR: Passasjerane kan slappe av i møblar frå Sunnmøre – og sove på madrassar frå Romsdalen. Reiarlaget har satsa på norsk design når dei innreier skipa. Illustrasjon: Vestnes Turkey

Prøvetur i april
Etter planen skal begge skipa ut på prøvetur i løpet av april. Den planlagde blåfargen blir ikkje malt på før kort tid før levering.

I første omgang vil det vere jobb til kring 120 tilsette per båt som kjem i arbeid. Havila Kystruten har teke over 350 tidlegare Hurtigruten-tilsette i samband med avtalen.

– Vi håpar å få flest mogleg av dei i arbeid. Og når vi får alle fire skipa i arbeid, så vil vi ha behov for å tilsette ein god del fleire. Vi håpar det blir mot slutten av året, eller starten av neste år, avsluttar Havila-direktøren.

Publisert: 08.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 06.07.2021 10:14

Mer om