Politiet i Møre og Romsdal etterforskar eit utslepp på 3,5 millionar liter husdyrgjødsel frå Havila Biogass sitt anlegg ved Eidsvåg.
I samband med etterforskinga går politiet torsdag ut og etterlyser hjelp frå publikum.
– Vi ønskjer at innbyggjarane som sit på bilete eller video som viser teikn til skade på det lokale økosystemet, til dømes død fisk eller påverka dyreliv, sender dette til politiet, uttaler påtaleansvarleg, Sandra Grøtta Krakeli.
Undersøker om det har vore brot på regelverk
Det er mellom anna sett i gang kriminaltekniske undersøkingar på anlegget og i området rundt, i tillegg til avhøyr av vitne.
Politiet vil også undersøke årsaka til utsleppet og om det kan ha skjedd brot på regelverk eller andre forhold som gir grunnlag for strafferettsleg ansvar.
Utsleppet ved anlegget som ligg i Molde kommune skjedde natt til 5. september.
Selskapet granskar årsaka
Dagleg leiar Kjell Evensgård i Havila Biogass stadfestar til Nett No at dei har hatt eit uønska utslepp.
– Årsaka blir no granska og vi må vente på konklusjonen frå denne før vi kan uttale oss om årsaka, legg han til.
Kystverket har gitt selskapet pålegg om å rydde opp – som dei har stadfesta at dei vil gjere.
– Noko av det største vi har sett
Utsleppet skal ha spreia seg frå anlegget vil vassdrag og vidare til småbåthamna. Det er funne død fisk i området og eit brunt belegg dekka vassoverflata.
– Det er eit veldig stort utslepp. Det er sjeldan vi har utslepp av husdyrgjødsel av den storleiken her. Det vil jo vanlegvis kome frå ein gard, så dette er nok noko av det største vi har sett av denne typen, seier kommunikasjonsdirektør i Kystverket, Anette Bonnevie Wollebæk, til NRK.
Publisert: 11.09.2025 15:20
Sist oppdatert: 11.09.2025 15:20






