Meir arbeid for Havila Crusader
SAL: Havila Shipping har seld Havila Crusader til utanlandsk selskap. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Har seld Havila Crusader

Måtte selje etter krav frå kreditorane.

05.11.2021

Havila Shipping har seld det 11 år gamle forsyningsskipet Havila Crusader. Skipet er seld til ein utanlandsk aktør som skal bruke skipet utanfor offshorebransjen, opplyser Havila Shipping i ei børsmelding.

Skipet vart seld etter at innteninga ikkje var innanfor krava som kreditorane har sett i restruktureringsavtalen med selskapet. Om krava ikkje vert oppfylte, kan kreditorane krevje sal.

Britisk kontrakt
Havila Crusader er 85 meter lang, 20 meter brei og har 1005 meter stort dekksareal.

Skipet har dieselelektrisk framdrift, og vart bygt ved Hellesøy Verft i Løfallstrand i 2010.

I januar 2020 opplyste Havila Shipping at selskapet hadde inngått kontrakt med eit britisk oljeselskap for Havila Crusader.

Kontrakten var i utgangspunktet på eitt år med arbeid med to brønnar, men kontrakten kunne verte forlenga med to ekstra år med arbeid på ytterlegare sju brønnar.

Publisert: 05.11.2021 08:22

Sist oppdatert: 05.11.2021 08:42

Mer om