Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
USA-OPPDRETT: Atlantic Sapphire satsar på lakseoppdrett i Florida, men fekk eit trøblete fjorår. 2022 starta bra på børsen selskapet med hovudkontor i Vestnes. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Opptur for fjorårstaparar

Oppdrett- og hydrogenselskap med base på Nordvestlandet, mellom dagens børsvinnarar.

Marius Rosbach
03.01.2022

To av selskapa som fekk hardast medfart av marknaden i løpet av 2021, var mellom vinnarane på årets første handelsdag ved Oslo børs.

Hydrogenselskapet Hexagon Purus i Ålesund steig 10,19 prosent i løpet av dagen. Oppdrettsselskapet Atlantic Sapphire følgde like bak med ein oppgang på 9,35 prosent.

Også reiarlaget Havila Shipping i Herøy hadde ein god dag med auke på 7,49 prosent.

Energiselskapet Questerre var dagens suverene vinnar med ein oppgang på 38,69 prosent.

Oppdrettarane Statt Torsk hadde ein dårleg dag på børsen med nedgang 5,28 prosent. Golden Energy frå Ålesund låg an til ein nedgang på meir enn fem prosent, men henta seg litt inn mot slutten av dagen.

Podium

E14/S2 Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth

Publisert: 03.01.2022 17:07

Sist oppdatert: 03.01.2022 18:36

Mer om