Havila Shipping droppar utbytte
BØRSFALL: Aksjane i Havila Shipping fell over ti prosent etter at offshorereiarlaget la fram resultat for 20124 i dag. Her er hovudkontoret i Herøy.
Nytt

Havila Shipping droppar utbytte

Etter å ha halde fast ved at målet var å betale utbytte gjennom heile 2014, snudde styret i Havila Shipping då årsreknskapen for 2014 vart vedteken i går.

29.01.2015
- Vi har sagt i dag at på grunn av marknaden, og slik verda ser ut, så blir det ikkje foreslått utbytte for reknskapsåret 2014, seier Havila Shipping-sjef Njål Sævik.
I dag var han i Oslo for å presentere resultatet for 2014.
Resultatet er prega av store urealisert tap på valuta, medan driftsresultatet i fjerde kvartal er det beste selskapet har hatt, og betre enn analytikarane rekna med i følgje Sævik.

Trur ikkje på tap

Njål Sævik er trygg på at dei urealiserte valutatapa blir verande urealiserte, og ikkje reelle.
- Viss forholdet mellom norske kroner og andre kroner normaliserer seg vil det slå den andre vegen, og det føler vi oss temmeleg sikre på at det vil gjere, seier Sævik.

Ras på børsen

Meklaranslag Havila Shipping har henta inn konkluderer med at flåten har ein marknadsverdi på 8,3 milliardar kroner. Det gir ein verdijustert eigenkapital på 97 kroner pr. aksje.
I aksjemarknaden er synet på verdiane ein annan, ved børsstart i dag, torsdag 29. januar, var Havila Shipping verdsett til 17 kroner pr. aksje.
I dag er Havila Shipping mellom dei aksjane som fell mest i verdi på børsen.
Ved børsslutt er kursen ned over 12 prosent til 14,95 kroner pr. aksje. Det verdset heile reiarlaget til 451 millionar kroner.
Havila-flåten er på 27 skip, 22 av dei heileigde.

Publisert: 29.01.2015 16:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40