Heile kullet som Henrik Vestnes Berge og Tommy André Steinnes Slyngstad tok automatikerutdanninga saman med på Borgund videregående skole, fekk læreplass.
Dei to er kameratar frå ungdomsskulen i Skodje og valde same utdanning på yrkesskulen.
I desember vart begge ferdige med læretida, og er no tilsette i dei same bedriftene dei har vore lærlingar i - Vestnes Berge i Solwr og Steinnes Slyngstad i Viddal Automation.
Du er veldig ønska hos bedriftene
Ønska hos bedriftene
– Det var ganske lett å få seg læreplass. Det er rett og slett fordi det er såpass mange automasjonsbedrifter rundt omkring i området, og at det er såpass få automasjonselevar som går ut kvart år. Du er veldig ønska hos bedriftene, seier Vestnes Berge.
Den historia stadfestar dagleg leiar Ruth Astrid Rødal i OTEK, Opplæringskontoret for tekniske fag på Sunnmøre.
I år har OTEK 22 automatikarlærlingar ute hos medlemsbedriftene av i alt 142 lærlingar totalt Automatikarfaget er det største lærlingeprogrammet i OTEK. Industrimekanikarfaget, med 21 lærlingar er nest størst. Også der er det rift om lærlingane.
Automatiserer
Det Vestnes Berge og Steinnes Slyngstad driv med, er å programmere og utvikle maskiner og utstyr som automatisere arbeidsoperasjonar.
Det handlar blant annet om å gjere arbeidsoppgåver tryggare og effektivisere dei, slik at bedriften blir meir konkurransedyktig.
Til skilnad frå dei fleste yrkesfaga går automatikarelevane tre år på skulen før dei går ut i lære. Læretida er til gjengjeld eit og eit halvt år, ikkje to.
Fire utplasseringperiodar
Gjennom andre og tredje året på skulen har elevane til saman fire utplasseringperiodar på tre veker hos bedrifter.
– Utplasseringen blir jo som eit jobbintervju. Du må vise at du er interessert og er villig, seier Steinnes Slyngstad.
Både han og kameraten han same råd, bruk utplasseringsperiodane til å bli kjent med bedrifter du kan tenke deg å jobbe i.
NM for automatikarar
Denne veka deltor Steinnes Slyngstad og Vestnes Berge i kvalifiseringa til NM for lærlingar og unge fagarbeidarar i automatiseringsfaget, som vart arrangert i Ålesund.
Duoen utgjorde eitt av i alt ni to-mannslag som kom til Ålesund frå fleire stadar i landet.
Det er Norsk Industri og NHO som står bak arrangementet.
Publisert: 13.01.2026 05:00
Sist oppdatert: 13.01.2026 18:21






