Havila phoenix foto havila 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NY EIGAR: Når dagens oppdrag er fullført blir eigarskapen til Havila Phoenix overført til ny eigar. Foto: Havila Shipping
Nytt

Havila-skip seld

Havila Shipping sel subsea-skipet Havila Phoenix.

05.09.2022

Salet av Havila Phoenix er ein ein del av vilkåra i refinansieringsavtalen frå 2020 mellom Havila Shipping og långivarane.

Etter salet er det eitt skip i opplag, Havila Mars, som står att å selje etter avtalen.

Havila Shipping oppgir ikkje kjøpar eller salssum for Havila Phoenix, med skriv i ei børsmelding at salet "forventes å ha begrenset regnskapsmessig og likviditetsmessig effekt".

I mars fekk Havila Shipping ein avtale Nexans Norway fom utleige av Havila Phoenix til eit oppdrag på kring åtte månader. Det oppdraget varer til ut i oktober, med opsjon på forlenging i inntil 60 dagar.

Salet av Havila Phoenix skal gjennomførast etter at oppdraget for Nexans er avslutta. Etter at fartøyet er seld skal det drivaste vidare av Havila Shipping på ein managementavtale, men då med andre eigarar.

Publisert: 05.09.2022 08:53

Sist oppdatert: 05.09.2022 09:19

Mer om