Ser slutten på skipssal
I løpet av tredje kvartal skal Havila Shipping ha fått seld unna alle fartøya dei har forplikta seg til å selje.
Avtalen om sal av fem fartøy - to plattformforsyningsskip og tre ankerhandteringsfartøy - som har lege i opplag er ein del av refinansieringsavtalen med kreditorane. Avtalen blei inngått i 2020.
I løpet av andre kvartal i år vart tre av fartøya selde, og dei to siste ventar Havila Shipping å få seld i løpet av tredje kvartal i år, skriv selskapet i ei børsmelding.
Havila Shipping bokfører ein gevinst på 95,6 millionar kroner, som er eit viktig bidrag til betringa i lønsemda både i 1. halvår og 2. kvartal i år samanlikna med same periode i fjor. (Sjå tabell)
Selskapet hadde hatt overskot på drifta også utan salsgevinsten i første halvår i år, medan driftsresultatet 1. halvår 2021 var minus 32,8 millionar kroner.
Justert for salsgevinstar og valutaendringar som slo negativt ut har selskapet no eit resultat før skatt omlag i balanse, seier dagleg leier Njål Sævik til NETT NO.
"Markedet for selskapets fartøy har i andre kvartal vært bedre i alle segmenter enn tilsvarende periode i 2021," skriv Havila Shipping i delårsrapporten for 1. halvår og andre kvartal.
Selskapet driv 19 offshorefartøy, mellom dei seks for andre eigarar. Frårekna skipa i opplag var utnyttingsgraden av flåten på 93 prosent i 2. kvartal.
Havila Shipping ASA | ||
1. halvår. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 435,2 | 245,7 |
Driftsresultat | 138,7 | -32,8 |
Resultat før skatt | 17,4 | -111,6 |
Havila Shipping ASA | ||
2. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 287,3 | 145,2 |
Driftsresultat | 139,3 | 1,5 |
Resultat før skatt | 33,6 | 1,2 |
Publisert: 30.08.2022 15:39
Sist oppdatert: 30.08.2022 16:12