Meir jobb til Havila-skip
Reiarlaget melder om oppdrag for tre av skipa sine.
Havila Shipping har inngått avtale med Nexans Norway for subseaskipet Havila Phoenix om eit oppdrag på kring åtte månader som strekk seg til utgangen av oktober. Vidare har reiarlaget sikra seg opsjonar på opptil 60 dagar, ifølgje børsmeldinga.
Reiarlaget har også inngått kontrakt med Peterson Den Helder for eit oppdrag på 70 dagar for forsyningsskipet Havila Herøy.
Havila har også inngått kontrakter knytt til prosjektarbeid for ankerhandteringsfartøyet Havila Venus på totalt 64 dagar pluss opsjonar.
Oppgang på børsen
Fleire offshorereiarlag har vore mellom vinnarane på børsen dei siste dagane. Havila Shipping er ikkje noko unntak og børsverdien har auka med 25 prosent siste veka og drygt 50 prosent siste året.
Tysdag gjekk fleire av oljeserviceaksjane tilbake, men Havila Shipping var svakt opp ved 11.30-tida.
Børsen prisa då selskapet til knappe 107 millioner kroner.
Publisert: 08.03.2022 10:57
Sist oppdatert: 08.03.2022 16:05