Havila diamanten mjølstadneset foto marius 11
HAVILA: Sjøfolk frå ulike forbund i Havila har gått saman i ein lokalklubb i Safe. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Havila-tilsette går saman i Safe

Sjøfolk frå dei tre sjømannsforbunda går saman i lokalklubb.

Marius Rosbach
22.03.2022

Sjøfolk i Havila har danna lokalklubb av fagforbundet Safe og jobbar for rekruttere fleire medlemmar, ifølgje Vestlandsnytt.

Tradisjonelt har sjøfolk vore organisert i Norsk Sjømannsforbund, Norsk sjøoffiserforbund og Det norske maskinistforbund.

– Naturleg at vi er organiserte i same forbund
Dei involverte i den nye Safe-klubben meiner det er utdatert og lite slagkraftig at mannskapet på ein båt er organisert etter kva avdeling dei tilhøyrer.

– Vi jobbar på dei same båtane og i same næring, så då er det ganske naturleg at vi er organiserte i same forbund. Vår bransje opplever utfordringar, og vi treng også å vere førebudde på problem som kan dukke opp i framtida. Står vi samla, er vi mykje sterkare enn om vi skal kjempe på tre ulike frontar, seier leiar Frode Moltubakk interimsstyret til lokalavisa.

Det er danna eit interimstyre og val av nytt styre er rett rundt hjørnet.

Har fått fleire førespurnader

Safe blei danna av oljearbeidarar og har i stor grad organisert sjøfolk på rigg. Forbundsleiar Hilde-Marit Rysst uttaler til forbundets eiga heimeside at dei jamleg har hatt førespurnader om eit alternativ for sjøfolk.

– Akkurat som Safe blei danna av oljearbeidarane sjølv, blir område Skip i Safe danna av sjøfolka sjølv. Med full stætte frå Safe sentralt, er det sjøfolka som samlar seg og drivkreftene ligg lokalt, uttaler ho.

Publisert: 22.03.2022 09:06

Sist oppdatert: 22.03.2022 09:10

Mer om