Stort behov for fleire maritime lærlingar
Oppfordrar ungdomen som ønsker seg raskt ut i arbeid om å søke maritime fag.
1. mars går søknadsfristen ut for å søke vidaregåande utdanning. Dagleg leiar Torunn Lied Giske ved Maritim Opplæring Nordvest håpar på mange søkarar til maritime fag.
Ho ber samstundes fylket om å tilretteleggje for fleire elevplassar på Vg 1 TEK og Vg 2 maritime fag og teknologifag.
Lied Giske seier at det vil verte mange spennande jobbar framover, jobbar som også er viktige for distrikta langs kysten og utviklinga av Norge.
- Våre medlemsbedrifter slit med å få tak i nok lærlingar. Dei har behov for ungdom som ønsker å være med på utviklinga.
Fekk 135 av 175
Ålesund-kontoret til Maritim
Opplæring Nordvest har 35 medlemsbedrifter. Kontoret er bindeledd mellom
reiarlaga og dei maritime skulane for å sikre nok maritime lærlingar.
- I fjor melde medlemsbedriftene inn behov for 175 lærlingar, men fekk berre 135. Då var det tomt for elever frå vg 2 maritime fag.
- Om det ikkje vert lagt til rette for fleire elevplassar, vil gapet mellom behov og etterspørsel verte endå større i år. Det er slett ikkje bra, seier Lied Giske.
Ho seier at det spesielt er behov for fleire matrosar, skipsmotormekanikar og maritime elektrikarar.
- Berre her er det totale behovet i år på rundt 180. Dette igjen gir utfordringar med satsing på maritim industri i vår region.
I tillegg seier ho til at det også er aukande behov innanfor kokk- og servitørfag og konditorfag.
- Spesielt vil Havila kystruten ha stort behov når alle dei fire skipa kjem i drift.
Det hastar at fylket legg til rette for at det finst nok elevplassar. Det arbeidet må starte no
Nye mulegheiter i offshore
Også offshoreflåten melder om lærlingmangel.
Torunn Lied Giske trur at noko av årsaka er problema offshoreselskapa har hatt, inkludert negativ medieomtale.
- Siste åra har ikkje ein karriære innanfor offshore vore førstevalet til elevane slik som tidlegare år.
- Men saka her at her er det store mulegheiter framover, ikkje minst innanfor den storsatsinga som no kjem på havvind.
Sølvtrans har stort behov
I tillegg melder eit brønnbåtselskap som Sølvtrans om stort behov for lærlingar.
- Dette kjem av at Sølvtrans har planar om ei storstilt utviding av flåten.
Ho etterlyser spesielt fleire maritim elektrikar-elevplassar ved Borgund vg skule og fleire elevplassar i maritime fag ved Herøy vg skule, og saknar at fylket har ei meir offensive i satsinga på maritim opplæring.
- Det er uttrykt at så langt som råd skal elevane skal få oppfylt sine førsteval, men i fjor opplevde vi at berre 135 av 196 som hadde maritime fag som førsteval på Vg2, fekk førstevalet innfridd.
- Det er for dårleg.
- Viktig for Norge
Lied Giske har sjølv 15 års erfaring på sjøen, mest som styrmann og kaptein på ferje- og hurtigbåtar.
Ho seier at det er viktig for Norge som sjøfartsnasjon at fleire tek eit maritimt utdanningsval.
- Vi har behov for å ha ei berekraftig forvaltning av dei menneskelege ressursane vi har.
Les heir NETT NO-magasinet om rekruttering
Ho seier at det også er kort veg for vidaregåande elevar med maritim utdanning å søke seg vidare til fagskular og høgskular.
- Vi ser også at det er lett å få seg arbeid på land om ein ikkje sjølv vil vere på sjøen, seier Lied Giske.
Treng 200 lærlingar i 2025
Ho meiner at det truleg vil vere behov for rundt 200 maritime lærlingar i Møre og Romsdal i 2025.
- Dette er bra, men det hastar at fylket legg til rette for at det finst nok elevplassar. Det arbeidet må starte no.
Publisert: 13.02.2022 05:50
Sist oppdatert: 13.02.2022 23:11