Viktig generasjonsskifte i offshore og brønnbåt
Fleire reiarlag melder om stor mangel på sjøfolk framover. Ber fylket opprette fleire maritime elevplassar.
- Vi slit spesielt med å få tak i nok matros- og maskinlærlingar, seier mannskapssjef Kristin Kolgrov i Havila Service.
Ho opplyser at under nedturen i offshore var det mange som miste jobben, og spesielt dei med minst ansiennitet. Dette førde til at mange av dei yngste måtte gå.
Kolgrov har ansvaret for å skaffe mannskap til både offshoreflåten til Havila Shipping og til å bistå Havila Kystruten med bemanning av dei fire skipa som etter kvart kjem i drift for Havila kystruten.
- Om nokre år vil ei stor gruppe av matrosane om bord i offshoreskipa nærme seg pensjonsalder, og det er derfor viktig å rekruttere ungdom inn i stillingane.
- Hastar med fleire elevplassar
Ein liknande situasjon har ein også for brønnbåtnæringa.
- Om få år går mange av ‘veteranane’ i brønnbåtnæringa av. Vi står dermed straks føre eit omfattande generasjonsskifte, og må rigge oss for å handtere det.
Det seier kommunikasjonsdirektør Harald Tom Nesvik i brønnbåtselskapet Sølvtrans.
Nesvik seier at det hastar å satse meir på maritim utdanning.
- Det vert eit stort behov for kompetent norsk mannskap framover. Det hastar at fylket skaffar fleire maritime elevplassar.
Sølvtrans har i dag 40 lærlingar. Samstundes har selskapet eit omfattande nybyggingsprogram.
- Vi vil ha behov for mange fleire lærlingar framover.
Nesvik viser til at slett ikkje alle elevar som satsar på maritim utdanning, endar opp som sjøfolk.
- Nei, nokre går på land etter å ha prøvd seg ei stund på sjøen.
- Andre igjen går vidare, og utdannar seg til kapteinar eller maskinsjefar.
- I ein slik situasjon er det ekstra viktig at vi har nok elevplassar i vidaregåande skule ettersom at vi veit at ein del uansett vil forsvinne ut.
Han seier at konkurransen er hard.
- For å lukkast er vi heilt avhengige av å ha god nok kompetanse på våre tilsette.
- Så langt har det gått bra, men vi ser at det er utfordringar framover om vi ikkje får ei meir offensiv satsing på maritim utdanning.
For å lukkast er vi heilt avhengige av å ha god nok kompetanse på våre tilsette
132 av 196 fekk plass
Kristin Kolgrov i Havila Service er samd i at det hastar med å opprette fleire maritime elevplassar.
- I fjor var det ca 196 elevar som hadde maritime fag som førsteval, men berre 132 elevar som fekk plass. Dette er for dårleg, og her mister reiarlaga mange framtidige tilsette.
Ho viser til at ved å ta om bord lærlingar innan matros og maskin, rekrutterer ein ikkje berre til matros eller motormann, men også til framtidige offiserar på bru og maskin, for dei som vel vidare utdanning etter fullført fagbrev.
I dag opplever ho at det er få søkarar til ledige stillingar.
- Det var ein periode mykje negativ omtale rundt offshore. Det har sikkert også ført til at foreldre har fråråda ungdomane sine å satse offshore, men no ser vi at det vert mangel på sjøfolk.
Ho seier at det også er stor konkurranse om dei lærlingane som finst.
- Vi konkurrerer mot blant anna passasjerbåtar og brønnbåtar. I tillegg skal Sjøforsvaret ha ein god del lærlingar.
Det hastar å få dette på plass. I 2025 er behova for reiarlaga nærare 200 maritime lærlingar i Møre og Romsdal
Populær utplasseringsordning
Havila Shipping har oppretthalde antal lærlingplassar under offshorenedturen. Skipa har totalt tjue første- og andreårslærlingar innan matros og motormannfaget.
- I fjor tok vi inn seks nye matroslærlingar og fire nye lærlingar innanfor motormenn/maskin, men vi kunne tatt inn fleire, men der var ikkje fleire å hente.
Selskapet har også utplasseringsordning.
- Då får elevane vere med eit offshoreskip i fire veker, og får lære korleis dette livet er. Mannskapet våra gjer en fantastisk jobb med å ta seg av disse elevane, og vise dei korleis kvardagen om bord er.
- Vi får mange gode tilbakemeldingar på opplegget, sjølv om enkelte 17-åringar synst at fire veker om bord kan vere lenge nok.
Kystruten treng 40 lærlingar
På Havila kystruten er det derimot snakk om ‘kun’ 22 dagar mellom kvart mannskapsskifte.
I tillegg til elektrikarlærling, matroslærling og maskinlærlingar, vil selskapet her også ha behov for lærlingar innanfor kokk, konditori, servitør og resepsjon.
- Totalt vil det verte 10 lærlingar per skip, totalt 40 når alle skipa er sett i drift.
Kolgrov seier at det hastar å få fleire elevplassar i dei vidaregåande skulane.
- For oss er det spesielt viktig med fleire elevplassar på Herøy vg skule, men også i Ålesund eller Kristiansund. Vi hentar lærlingar frå alle skulane, og også frå andre stader i landet om nødvendig.
- Det hastar å få dette på plass. I 2025 er behova for reiarlaga nærare 200 maritime lærlingar i Møre og Romsdal.
Publisert: 14.02.2022 09:00
Sist oppdatert: 17.02.2022 10:47