Havila tok analytikarane til sjoes
KVARTALSTAL: Havila Shipping-direktør Njål Sævik gjekk utradisjonelt til verks ved presentasjonen av kvartalstala. Etter presentasjonen inviterte han dei elleve frammøtte analytikarane til båttur med hurtiggåanbde rib.
Nytt

Havila tok analytikarane til sjøs

Havila Shipping la onsdag fram kvartalstal, og inviterte deretter analytikarkorpset frå Oslo til sjøs.

22.07.2014
- Dette er utruleg morsomt. Eg gler meg, seier Pareto-analytikar Susanne Gjønnes, før ho går om bord i den hurtiggåande rib-en ved kaia på Mjøstanneset i Herøy der Havila Shipping har sitt hovedkontor.
Gjønnes hadde følgje av ti analytikarkollegaer som hadde teke turen til Herøy for å få servert dei ferske Havila-tala.
- Eg er spent. Eg har aldri følgt ein rib før, seier Gjønnes, som saman med resten av kollegaene vart tatt med sjøvegen ut mot Runde, før kvelden vart avslutta med middag i Fosnavåg.

Sentrale strøk

Havila-direktør Njål Sævik seier at det er første gong selskapet presenterer kvartalstal utanfor Oslo.
- Vi hadde tenkt å gjere det litt skikkeleg denne gongen. Vi er strålande fornøgde med at elleve analytikarar tok turen til Herøy.
- Analytikarane har godt av å kome seg til litt meir sentrale strøk av landet, seier Sævik.

Lovar utbyte

Han hadde rett før presentert eit av dei beste tala for første kvartal på lang tid. Medan selskapet hadde eit underskot på 19,6 millionar kroner i første kvartal 2013, viste tala i første kvartal i år eit overskot før skatt på 41,9 millionar kroner.
Rett før hadde generalforsamlinga i selskapet sagt nei til å betale ut utbyte for 2013, men Sævik gjekk svært langt i å love utbyte for 2014.
- Ja, slik det ser ut no vert det utbyte i 2014.
Han seier at dette er viktig for selskapet, som lenge har slite med aksjekursen på Oslo Børs. Kursen har lenge lege i overkant av 30 kroner, medan finansdirektør Arne Johan Dale presenterte tal som viste at verdijustert kurs per aksje var 97 kroner.
I tillegg viste han til og meklaranslag som verdsette heile flåten til 7,5 milliardar kroner. Den renteberande gjelda er på si side på seks milliardar.

Misnøgd med aksjekurs

Njål Sævik legg ikkje skjul på at han er misnøgd med kursutviklinga på aksjen, men seier at eitt av problema for likviditeten i Havila-aksjen er at så mykje av aksjane er kontrollerte av store og langsiktige investorar.
Aller størst er Njål Sævik og Sævik-familien gjennom familieselskapet Havila AS, som sit på 50,5 prosent av Havila-aksjane. Nest størst er Odin Offshore med 6,8 prosent føre Pareto Norge med 5,7 prosent.
- Dei tjue største aksjonærane kontrollerer 85 prosent av selskapet, seier Sævik.
Han seier at det ikkje har vore noko press, men at det likevel skal verte godt å kome i utbyteposisjon.
- Dette har lenge vore eit uttalt mål, og vi er frå og med i år klare til å gi litt tilbake til aksjonærane. Det fortener dei.

Flåteendringar

Njål Sævik opplyste at selskapet ikkje har konkrete planar om bygging av nye skip, men at han litt fram i tid såg han for seg at selskapet ville gjere endringar i flåtestrukturen.
- Vi har mange PSV-ar, og som dei fleste andre norske selskapa ønskjer vi oss sterkare inn i "high end"-segmentet.
Selskapet har 27 fartøy i drift. Utnyttingsgrada er på 94 prosent. Fire av fartøya vert opererte av Posh Havila Pte Ltd i Singapore, der Posh-konsernet vart børsnotert denne veka.
Njål Sævik opplyser at det ikkje det er noko som tyder på at børsnoteringa av Posh-konsernet fører til endringar i samarbeidet mellom partane.
kan du lese heile kvartalspresentasjonen.
Analytikarane har godt av å kome seg til litt meir sentrale strøk av landet

Publisert: 22.07.2014 13:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32