Havvind-frist utsett på nytt
Olje- og energiministeren vil også lempe på miljøkrava i konkurransen.
NPK-NTB: Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) utset søknadsfristen for Sørlige Nordsjø II med to veker og endrar kriteria for berekraft i havvindprosjekt.
I den oppdaterte utlysinga til Sørlige Nordsjø II skal ein ikkje lenger konkurrere om å ha det mest berekraftige prosjektet. Det blir endra til å vere eit minimumskrav, skriv E24. Søknadsfristen blir frå utsett 1. til 15. november.
I ei pressemelding opplyser Olje- og energidepartementet at endringane er nødvendige for at Eftas overvakingsorgan Esa raskt skal kunne godkjenne at det blir tildelt statsstøtte.
Tredje gong fristen blir utsett
– Vi må vere trygge på at Esa godkjenner dei kriteria vi legg til grunn for denne konkurransen. Esa er førebels usikre på dette med vekting knytt til berekraft og ringverknader, seier Aasland.
På spørsmål frå E24 om kvifor Esa krev at Noreg reduserer miljøkrava, svarer Aasland at dette ikkje er heilt klart for han, og at dei er i dialog om dette.
Dette er tredje gong fristen for prekvalifisering til havvindprosjektet Sørlige Nordsjø II blir utsett.
Overraskande og kjedeleg
– Det er overraskande og kjedeleg at denne utsetjinga kjem så seint i prosessen, seier direktør havvind i Offshore Norge, Roger Pedersen i ein e-post til NTB.
– Vi skulle gjerne sett at ein ikkje trong å endre prekvalifiseringskriteria for berekraft og positive ringverknader, men vi er tilfreds med at fristen for Sørlige Nordsjø II berre blir utsett i to veker, seier Pedersen.
Han seier Offshore Norge heile tida har meint at områda på Utsira Nord bør tildelast etter kvalitative kriterium.
– Det er derfor viktig at regjeringa så raskt som mogleg får avklart med Esa og EU-kommisjonen at ein kan leggje dette til grunn for tildelinga, seier Pedersen.
Publisert: 18.10.2023 07:39
Sist oppdatert: 18.10.2023 08:36