Heidra ein stor laksepioner
NYBYGG: Steinar Olaisen kan frakte 540 tonn levande laks.
Nytt

Heidra ein stor laksepioner

I 2011 gjekk laksepioner Steinar Oliasen bort. No har han fått ein brønnbåt i sitt namn.

05.07.2017
Brønnbåten Steinar Olaisen vart denne veka overlevert frå Aas Mek. Verksted på Vestnes til reiarlaget Nova Sea Service.
Dette reiarlaget vart bygt opp av Steinar Olaisen på Lovund nord for Sandnessjøen. Olaisen var av dei første norske laksepionerane.

Møtt med skepsis

I ei pressemelding frå Aas Mek. Verksted vert det vist til at den første oppdrettslaksen som kom til Nord-Norge var pakka i plastposar, og kom med sjøfly til Lovund i 1972.
Forskarane var skeptiske til lakseoppdrett i Nord-Norge, men Steinar Olaisen hadde tru på prosjektet, og jobba i mange år med eksperiment og forsøk, før han endeleg lukkast.
Ein viktig motivasjon var å snu den negative folketalsutviklinga på heimstaden, i tillegg til å få fart på eit lokalt næringsliv som sleit i motbakke.

540 tonn laks

No har Olaisen fått norges nyaste brønnbåt oppkalla etter seg.
Båten er 79,8 meter lang, 16 meter brei og har ein lasteromskapasitet på 3600 kubikkmeter, noko som tilsvarar 540 tonn med levande laks.
Lasterommet er fordelt på to rom med skyveskott og trengesystem.
Båten er avansert utrusta, og har mellom anna montert eit dobbelt Optilicer termisk avlusingsanlegg med ein kapasitet på 200 tonn i timen.

Fint for mannskapet

Om bord er også verftet sitt spesialutvikla vaske- og desifiseringssystem 'well wash' for heilautomatisk vask og desifisering av lasterom, sirkulasjonsrør, vakuumanlegg, laste- og lossesystem og CO2-luftarar.
Om bord er det elleve einmannslugarar med toalett, dusj, TV, musikkanlegg og sofagruppe.
På plass er også kaffebar, TV-stove, salong med panoramautsikt, kino, trimrom og jacuzzi med sitjegruppe.

Lokalt utstyr

Ei rekkje lokale bedrifter har levert utstyr til båten, der skroget vart bygt i Romania og utrustinga har skjedd på Vestnes.
Mellom anna har Scana Volda levert gir- og propellustyr, Wangsmo i Ålesund ventilasjon, Mare safety i Ulsteinvik mob-båt og kran, Libra-Plast på Hareid utvendige dører, Rolls-Royce i Brattvåg styremaskiner, Westing i Fosnavåg måling, Robinet i Ulsteinvik ventil- og rørutrutsning, samt Jets Vaccum på Hareid toalettanlegg.
Dåpen skjer 8. juli på Lovund med Tove Helen Os som gudmor.

Publisert: 05.07.2017 12:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11