Nytt
- Heilt vilt med tilstrøyming av badegjestar
Sunnmørsbadet opplever rekordbesøk av badegjestar, men må seie nei til mange.
31.07.2020
- Normalt kan vi ta imot 475 gjestar, men på grunn av koronarestriksjonane må vi setje ei grense på 200.
- Slik tilstrøyminga har vore i juli, kunne vi hatt inne 475 mesteparten av tida.
Det seier dagleg leiar Karl Petter Sortehaug ved Sunnmørsbadet i Fosnavåg.
- I fellesferien har badeanlegga både i Ulsteinvik og Moa vore stengde, medan vi har hatt ope.
- Dette har ført til ekstra tilstrøyming hit.
For å ta imot flest muleg, har Sunnmørsbadet auka opningstida med to timar.
- Men vi må likevel seie nei til mange.
- Dette kjem av at vi må ha ekstra med folk tilsette sidan vi må desinfisere garderober, bord og alt anna som gjestane har kontakt med.
På grunn av koronarestriksjonen stengde Sunnmørsbadet ned 12. mars, og vart ikkje opna gradvis att før 15. juni. Alle vart permitterte, med unntak av teknisk sjef.
- Vi har tapt rundt to millionar kroner på grunn av nedstengina, seier Sortehaug.
Sunnmørsbadet har søkt staten om kompensasjon, fekk først nei, men har søkt på nytt.
- Vi håper å få dekt ein del av tapet som staten påla oss på grunn av nedstengina.
- Hotella er fulle, og butikkar og restaurantar melder om ein rekordgod sommar. Dette er vi absolutt med å bidra til, og det er også viktig.
Selskapet har negativ eigenkapital, men har fått avtale med Kommunalbanken om å betale berre renter i år, og forlenge nedbetalingstida frå 25 til 35 år.
Herøy kommune er hovedaksjonær med 54,4 prosent av aksjane. Havila Holding og Olympic Eigedom eig 15,6 prosent kvar, medan Herøy Sanitetsforening og Herøy Revmatikarforening eig 7,1 prosent kvar.
- Slik tilstrøyminga har vore i juli, kunne vi hatt inne 475 mesteparten av tida.
Det seier dagleg leiar Karl Petter Sortehaug ved Sunnmørsbadet i Fosnavåg.
Stengde anlegg
Han seier at gjestane kjem frå heile landet, men aller mest frå Sunnmøre.- I fellesferien har badeanlegga både i Ulsteinvik og Moa vore stengde, medan vi har hatt ope.
- Dette har ført til ekstra tilstrøyming hit.
For å ta imot flest muleg, har Sunnmørsbadet auka opningstida med to timar.
- Men vi må likevel seie nei til mange.
Ekstra bemanning
Trass i stort besøk, seier Sortehaug at nettoen likevel ikkje vert stor.- Dette kjem av at vi må ha ekstra med folk tilsette sidan vi må desinfisere garderober, bord og alt anna som gjestane har kontakt med.
På grunn av koronarestriksjonen stengde Sunnmørsbadet ned 12. mars, og vart ikkje opna gradvis att før 15. juni. Alle vart permitterte, med unntak av teknisk sjef.
Håper på kompensasjon
Men med nedstenginga forsvann også billettinntektene.- Vi har tapt rundt to millionar kroner på grunn av nedstengina, seier Sortehaug.
Sunnmørsbadet har søkt staten om kompensasjon, fekk først nei, men har søkt på nytt.
- Vi håper å få dekt ein del av tapet som staten påla oss på grunn av nedstengina.
Viktig terekkplaster
Sortehaug seier at Sunnmørsbadet er eit trekkplaster for folk frå heile regionen.- Hotella er fulle, og butikkar og restaurantar melder om ein rekordgod sommar. Dette er vi absolutt med å bidra til, og det er også viktig.
Selskapet har negativ eigenkapital, men har fått avtale med Kommunalbanken om å betale berre renter i år, og forlenge nedbetalingstida frå 25 til 35 år.
Herøy kommune er hovedaksjonær med 54,4 prosent av aksjane. Havila Holding og Olympic Eigedom eig 15,6 prosent kvar, medan Herøy Sanitetsforening og Herøy Revmatikarforening eig 7,1 prosent kvar.
Vi har tapt rundt to millionar kroner på grunn av nedstengina
Publisert: 31.07.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00