Veibust-reiarlaget i Ålesund har teke over ein ny 75 meter lang ringnotsnurpar frå Karstensens Skibsværft.
Nye «Havfisk» kjem etter planen til heimehamn i Ålesund måndag morgon, ifølgje ei pressemelding.
– Takka vere eit godt samarbeid mellom reiarlag og verft er det lukkast å kome i mål med eit resultat både reiarlag og verft vere veldig stolte over, heiter det i meldinga.

Les også
Leverandørar frå Nordvestlandet
Om bord er det fleire leveransar frå den maritime klynga på Nordvestlandet. Hjelpemotorar kjem frå Nogva, styremaskin og ror frå Kongsberg Maritime og sidepropellar frå Brunvoll.
Kompressorane er levert av Sperre og toaletta frå Jets, medan varmegjenvinning kjem frå Ulmatec Pyro og UPS frå Anda-Olsen. Om bord finn ein også utstyr for handtering av fisken frå Cflow i Sula.
Møblar kjem frå Ekornes og Maritime Montering i Sunnfjord har levert innreiing.
- Har du tips om fleire leverandørar om bord? Send ei melding på redaksjon@nett.no

Billigare enn å bygge i Norge
Dette er reiarlaget sitt andre nybygg ved det danske verftet.
Fiskebåtreiar Henning Veibust har tidlegare fortald at prisen er 12-13 prosent billigare enn å bygge i Norge.
Frå før har Veibust-reiarlaget to fartøy - «Havskjer», «Havstål». Av ei omsetning på 299 millionar i 2023 fekk reiarlaget eit overskot før skatt på drygt 70 millionar kroner.
Les også

Publisert: 11.05.2025 23:56
Sist oppdatert: 12.05.2025 12:52






