Karstensens Skibsværft Foto Karstensens Skibsværft på Facebook 11
GOD ORDREBOK: Ved Karstensens Skibsværft i Danmark har de sikret kontrakter på 11 norske fiskebåter som skal byggast dei neste tre åra. Foto: Karstensens Skibsværft på Facebook
Nytt

Mange byggjer i Danmark

Eitt dansk verft har sikra seg nesten like store norske kontraktar som alle norske verft til saman i år. Kundane kjem mellom anna frå Sunnmøre.

04.11.2022

(NPK-NETT.NO): Den maritime næringa i Noreg fryktar at verfta står i fare for å misse grepet om nybygg og mange norske reiarlag nyttar seg av danske verft.

Karstensens Skibsværft har i år sikra seg nesten like store norske kontraktar som alle norske verft til saman. På verftet ved Skagen ligg fiskefartøy under utrusting og reparasjon på rad og rekkje.

11 norske fiskebåtar i ordreboka
Ålesund-reiar Henning Veibust har tinga ein 75 meter lang ringnotsnurpar ved det danske verftet.

– Eg visste at produktet dei leverer er bra. Og når prisen er 40 millionar kroner, eller 12–13 prosent, lågare enn norske verft, var eg ikkje i tvil om valet, seier fiskebåtreiar Henning Veibust i Ålesund til Aftenposten / E24.

Karstensens Skibsværft skal byggje 11 norske fiskebåtar dei neste tre åra.

Slunken ordrebok hos norske verft
Ordreboka til det danske verftet står i sterk kontrast til situasjonen ved mange norske verft. Ifølgje bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft har verfta i Noreg inngått kontrakt på 20 fartøy til ein samla verdi av 4,5 milliardar kroner i år.

NETT NO omtala nyleg korleis ordreinngangen er om lag halvert sidan i fjor. I heile 2021 blei det inngått 26 kontraktar for til saman 9,6 milliardar kroner. Nivået er ein brøkdel av toppnivået for åtte til ni år sidan.

Lars Conradi Andersen Myklebust
MYKLEBUST: Administrerande direktør Lars Conradi Andersen ved Sande-verftet er uroa for framtida til norske nybyggingsverft. Foto: Kjetil Haanes

Myklebust mellom dei utan nybygg
Ein del norske verft har ingen nybygg i ordreboka, blant dei Myklebust Verft i Sande. Verftsdirektør Lars Conradi Andersen meiner det er fare for at norske verft kan ende opp som service- og reparasjonsverft.

– Med særnorske reglar må vi konkurrere mot verft i land som brukar heilt andre ressursar på å byggje opp verftsindustrien sin enn det Norge gjer, seier han.

Publisert: 04.11.2022 21:16

Sist oppdatert: 05.11.2022 09:57

Mer om