Heime paa bortebane
FARSARVEN: Rita Christina Sævik har gode minner frå fisketurar i oppveksten med faren, Harold, som tidlegare dreiv Kings Cross-reiarlaget frå denne kaia i Herøy. 
Nytt

Heime på bortebane

Rita Sævik gir faren mykje av æra for at ho har så «god tru på seg sjølv». Men først og fremst lærte ho gleda over livet på sjøen.

Marius Rosbach
25.12.2020

Ein kjem ikkje utanom havet, om det skal seiast noko om kven Rita Christina Sævik er. Herøy-kvinna er bedriftsleiar og eigar i selskapet Ervik & Sævik. Men ho er også skipper og fiskar. Det heile starta i sjarken til faren.

– Far min fekk eitt barn, og han tok meg med som om eg skulle ha vore ein gut, fortel Rita – og er allereie i gong med å fortelje om det som gir henne den heilt store gleda.

Frå turane med faren i eigen barndom, til oppveksten til eigne barn. Å kaste loss med faren sin 29-fots Tresfjord og legge utpå, er framleis medisin om ho treng å klarne tankane. Ho gler seg til å få installert teinehalar til krabbesesongen.

– Du seier dame og fisk, men då seier eg at eg er ingen dame, er det kontante svaret på det journalisten tenkte var eit openbert tema: Å vere dame i det mannsdominerte fiskeriet.

Så held ho fram med å snakke om sjarken til faren.

– Eg trur noko av det viktigaste vi som foreldre kan gjere, er å synleggjere gleda vi har av det vi gjer. Eg vaks opp med å fiske med far min, og slik arva eg gleda over havet og det å vere på sjøen. Det passion-et eg har for fiskeri var noko eg fekk heilt uavhengig av kva kjønn eg er, seier ho.

  • Dette er ein artikkel frå NETT NO-magasinet 2020 (les heile magasinet her) som ein smakebit for ikkje-abonnentar. Del den gjerne med dei du trur har glede og nytte av å lese oss.

– Trivst best i oljekle og hestehale

Rita er stolt over å kunne fortelje at den eldste sonen hennar har ein draum om å vere skipper på Christina E, båten til reiarlaget. Yngstemann seier også han vil på sjøen. Førebels er han registrert hummarfiskar og driv litt sal av krabbe.

nettnohalf

I sommar tok dei ei veke ferie alle tre, og fiska nordsjøsild saman på Christina E.

– Då var vi alle saman om bord. Det var heilt fantastisk, og det var mange rørande augneblink, fortel ho.

Og ikkje minst fekk Rita jobbe om bord sjølv. For det er eigentleg det ho helst vil.

– Eg elskar det, og trivst best i oljekle og hestehale, seier ho.

– Er hovudsakleg fiskarar
43-åringen påpeiker at ho trivst godt i jobben som dagleg leiar av reiarlaget. Faren til gutane, Espen Ervik, er annakvar månad ute på sjøen som skipper på Christina E.

Han er også styreleiar, medeigar i reiarlaget og Ritas tidlegare ektemann. Dei driv framleis selskapet saman på ein god måte, fortel ho.

Då Kings Cross-reiarlaget til faren Harold vart historie og Ervik & Sævik starta opp, var dei klare på verdiane i det nye selskapet. Om bord var det ingen faste plassar og dei som skulle vere med måtte ha ein tankegang om at dei heile tida skulle vere i utvikling.

Med Christina E har reiarlaget bana veg både når det gjeld teknologi og bruksmåte av fartøy. Multifunksjonsskipet er ein moderne fiskebåt, som også kan nyttast til offshoreoperasjonar og forskingsoppdrag. Samtidig som dei har utvida kva fartøya deira brukast til, endar dei alltid med same konklusjon om dei diskuterer retning for verksemda.

– Vi endar alltid opp med at vi er hovudsakleg fiskarar, og det må vi alltid fortsette å drive med, fortel Rita.

Nybygg på Mjølstadneset
I løpet av det komande året har Ervik & Sævik også store planar på land. Nærare bestemt Mjølstadneset.

nettnohalf

Nyleg lanserte dei planane for eit nytt kontorlokale med tilhøyrande kafé, kantine, galleri, og ikkje minst terminal for reisande med dei tradisjonelle kystrutene.

Rita Sævik meiner det er heilt naturleg at kystrutene til Hurtigruten og Havila får ny anløpsstad på Mjølstadneset i staden for Torvika.

– Det vil vi jobbe for, og eg trur det kan bli masse aktivitet her, seier ho.

Det er ei kjend sak at forholdet mellom konkurrentane i Hurtigruten og Havila Kystruten, til tider kan vere anstrengt. Så kjem det an på korleis reiarlaget frå Tromsø stiller seg til å legge til på «dørstokken» til Havila sitt Diamanten-bygg på nabotomta. Slik tankar bruker ikkje Rita energi på.

– Dette er eit nøytralt tilbod som vi vil by Hurtigruten og Havila, og som vil vere ei oppleving for turistane. Det gagnar alle, meiner ho.

– Vi likar å skape noko og vi har 20.000 kvadratmeter som vi skal fylle. Då er det heilt naturleg at vi vil forsøke å utvikle området, legg ho til.

Raskt fylt med leigetakarar
Når ho blir beden om å førestille seg korleis det er på Mjølstadneset ti år fram i tid, kjem svaret med ein gong.

nettnohalf

– Då er bygget kome opp, og kanskje har vi enno eit bygg. Andre trur eg har tenkt meir på lager og andre funksjonar for industrien og bedriftene.

Ho held fram med å ramse opp bedrifter i det nye nabolaget som har planar om å utvide.

Allereie om lag ein månad etter at dei gjekk ut med planane var fleire interessentar på banen og ville være leigetakarar i det tre etasjar høge bygget. Rita tenkjer at ho kunne ha vore tøffare å bygd ein etasje til «på spekulasjon».

– Det er behov for nye gode kontorlokale og det er heilt naturleg at ein del industri vil ligge på Mjølstadneset, og ikkje i Fosnavåg sentrum, påpeiker ho.

Planlegg ny båt
Ervik & Sævik har også planar om nybygg på sjøen, etter at næringsbygget på Mjølstadneset er på plass mot slutten av neste år. Rita skal vere prosjektleiar der også.

– Eg har bedt om ein månads ferie, så skal vi kontrahere, seier ho.

«Nyebåten» med design er i hovudsak valt og presentert tidlegare. Ho håpar at dei endar med norsk byggeverft.

– Vi skal iallfall jobbe for det, seier fiskebåtreiaren.

Ei glede og moglegheit
Rita har kjent på ansvaret med å forvalte det finansielle og kapitalen som følgjer med. Tapet av ein del av farsarven med ei feilslått investering i reiarlaget World Wide Supply, var tungt.

nettnohalf

– Du må berre akseptere at det er ferdig, rette opp ryggen og lære av det, seier Rita.

Ho påpeiker likevel at arbeidet med Kings Cross-reiarlaget og «alt med fiskeriet» har vore ei glede og noko ho har sett på som ei moglegheit. Ho «berre er sånn» er svaret på kvar ho får energien frå.

– Noko kjem nok av genar, men også pappa må ha ein stor del av ære for at eg har så god tru på meg sjølv, fortel ho og ler litt av seg sjølv.

«Vi gir oss aldri» gravert i stål
Ei av dei største utfordringane hennar kom då Christina E var ny for snart ti år sidan. Den første tida gjekk alt strålande, men etter kvart fekk dei problem med nota.

– Vi reiv og reiv, og skjønte ikkje kva problemet var. Slik gjekk det i kring to år, medan vi tapte millionar av kroner, fortel ho.

Ho let vere å vise til dei tilsette og mannskapet korleis vanskane prega både ho og økonomien. Ei natt kom likevel tårene medan ho sat på dekk i ei pause rygg mot rygg med ein fiskar ho har kjent sidan tenåra. Då måtte ho innrømme at der «vart litt mykje».

– Då fekk eg bruk for at eg alltid er optimistisk. Eg gir meg ikkje før eg må, og eigentleg gir eg meg ikkje då heller, fortel ho.

Rita bestilte eit skilt som framleis heng i salongen om bord. «Vi gir oss aldri» står det gravert i stål. Etterpå fann dei ut at utstyret var årsaka til problema, og ny not kom på plass.

Livsmotto frå faren
Rita legg ikkje skjul på at ho har møtt fordommar som kvinne på fiskebåt, og dei eksisterer framleis.

nettnohalf

– Vi har kanskje ikkje kome dit enno, at vi kan ha ein kvinneleg fiskeskipper i den havgåande fiskeflåten. Eg er ikkje så sikker på det, seier ho.

Ho blir ikkje nedstemt av den grunn og meiner ting går i rett retning. Ho påpeiker at det også må vere rett person til rett tid, som «har gått gradene» for å ha skaffa seg respekt og kunnskapen som skal til.

Ho er ikkje tilhengjar av kvotering som verkemiddel – heller ikkje i styresamanheng.

– Vi i næringa må vere bevisste ansvaret vårt. Vi kan invitere skuleklasser, gi dei hyggelege opplevingar og by litt på oss sjølve. Og så må vi vere villige til å bruke litt tid på å vere med dei unge ut i båt.

Rita fortel at ho ikkje har opplevd fordommar som adoptert, og trur det igjen har å gjere med arven frå faren. Han lærte at ho ikkje nødvendigvis skulle snu det andre kinnet til, og finne seg i alt.

nettnohalf

– Han har vore min helt og mentor, og gitt meg eit motto eg har gitt vidare til mine gutar. Han sa at: «Det er ikkje noko du ikkje får til, om du berre vil», fortel ho.

Les også: Ervik & Sævik med store planar

Vil betale for meir kai på Mjølstadneset

Rita Sævik teiknar på ny båt

Vil ha kaiutbygging på Mjølstadneset

Les fleire artiklar frå NETT NO-magasinet:

Startar investeringsselskap i Måløy

Eit todelt næringsliv i koronaåret

Nær 100 milliardar i nye Ålesund

Nye tider i familiebedrifta Flakk

Bøker og business

Optimistane tok ikkje koronapause


Vi har kanskje ikkje kome dit enno, at vi kan ha ein kvinneleg fiskeskipper i den havgåande fiskeflåten 

Publisert: 25.12.2020 06:00

Sist oppdatert: 08.05.2024 13:48